Vinteren til rekruttlaget har likevel vore prega av at ein ikkje alltid har hatt like mange spelarar tilgjengeleg på trening. Med ein liten A-stall og med eit ønskje om å gje flest mogleg av unggutane sjansen på A-trening har det periodevis vore tynnare i rekkjene til Einar Magne Skeide og Sander Håskjold Nyland. Dei to har saman ansvaret for Hødd si rekruttsatsing.

– Det påverkar jo oss, men det er positivt! Vi ville ikkje gjort det annleis, for det betyr jo truleg at dette er spelarar som også er nære å få spele A-lagsfotball. Det høyrest ut som ein floskel, men det viktigaste vi gjer er spelarutvikling og det er viktig at dei unge spelarane får prøve seg, seier Einar Magne Skeide.

Og medan nokre av dei eldre rekruttane truleg får prøve seg på førstelaget, vil det igjen opne moglegheiter for at både førsteårsjuniorar og gutespelarar får sjansen på rekruttlaget i 4.-divisjon.

Meir individuell oppfølging

Trenarane håpar også at dei som får erfaring frå trening og spel på A-laget tek med seg denne inn i rekruttgruppa og dermed kan bidra til å løfte nivået der. Ein annan fordel med at ein del spelarar har trent med førstelaget er at ein får noko betre tid til dei individuelle spelarane.

– Vi er også så heldige at vi har fire trenarar. I tillegg til meg og Sander, som er her mest, har vi også med Harald Rise og Reidar Vikebakk. Difor har vi også lagt endå meir vekt på individuell oppfølging enn vi hadde i fjor, seier Skeide.

I 2016 var Hødd-rekruttane involvert i ein regional G19-serie, der ein fekk teste seg mot mellom anna AaFK, Molde og Rosenborg. I år er det lagt om til ein nasjonal serie, og der er det hovudsakleg laga frå Eliteserien som er involverte.

– Det er synd at ikkje regionalligaen kunne vidareførast. No må vi bruke 4.-divisjon til å «matche» dei som ikkje får spele på A-laget. Vi har i tillegg Skaw-cup som vi reiser til i sommar, der vi får testa oss mot dei beste juniorlaga i Norge, samt at vi skal ut i G19-NM. Det handlar om å bruke dei arenaene ein har på ein positiv måte, seier Sander Håskjold Nyland.

Trenarane ønskjer at dei frå rekruttstallen som får trene og spele med A-laget responderer positivt på det. Men desse spelarane vil også møte krav.

– Dei må få god oppfølging når dei trenar med A-laget, men dei må også ta ansvar i 4.-divisjon. Skal ein vere aktuell for A-laget så må ein også vise seg blant dei beste spelarane i 4.-divisjonskampane. Vere litt berebjelkar der, fortel Skeide.

Han legg til at ein samarbeider svært godt med trenarapparatet rundt førstelaget, og at ein er godt oppdaterte på utviklinga til spelarane.

– Vi har også forsøkt å vektlegge roller i større grad på trening no enn tidlegare. At spelarane får oppfølging i sine spesifikke roller. Ulike relevante ferdigheiter knytt til spelarane sine roller i laget. Det føler vi er med på å utvikle spelarar som har større kjennskap til rolla si, men også betre ferdigheiter og spisskompetanse, seier Håskjold Nyland.

Trenarane legg til at ein også prøvar å spele likast råd som det A-laget gjer, slik at overgangen frå rekrutt til førstelag ikkje skal verte for stor. Og håpet er at mange skal få sjansen der i løpet av sesongen.

– Då gjeld det å gripe moglegheita, understrekar dei to.

Bør ligge i toppen

Hødd-rekruttane skal spele 4.-divisjon denne sesongen, og der blir det mellom anna møte med Hareid, Larsnes/Gursken og Bergsøy. Sistnemnde blir kanskje ein av Hødd sine tøffaste utfordrarar i toppen av avdelinga.

– Vi bør ligge i toppen. Dersom A-laget skulle rykke opp, så burde også vi vere med og kjempe om opprykk. Det er naturleg. Dersom vi får flyten så bør vi absolutt vere med å kjempe i toppen, men vi har ikkje sett noko fast mål, for det er først og fremst spelarutvikling vi driv med, seier Skeide.

Fredag startar Hødd 2 sesongen borte mot Bergsøy.