Mange hareidsdølingar hadde nok skoda på veret i dagane før denne kampen og håpa at vergudane i alle fall skulle gje mellombels opphald i timane mellom 18.30 og 20.30 denne fredagen, når 4.-divisjonssesongen skulle sparkast i gong. Så heldige var dei oppmøtte og spelarane altså ikkje. Kunstgraset hadde eit fjom av sludd her og der og forholda ute på bana var sleipe, men absolutt spelbare. I lufta var det derimot jamt sludd og snødrev og det var for å sei det rett ut ein ganske miserabel ramme rundt kampen. Nokre titals sjeler hadde møtt fram for å heie fram hareidskarane.

Eit kjapt sveip på internett før kampen fortalte at bookmakeren Nordicbet ansåg Langevåg som rimelig klar favoritt til å ta med seg tre poeng heim, og bortelaget gjekk bestemt til verks der dei etablerte eit tidlig fotfeste på Hareid sin banehalvdel. Det tok fem minutt før heimelaget klarte å summe seg og gradvis bikka spelet over i å foregå meir inne på Langevåg sin banehalvdel.

Iherdig jobbing og god innsats i presset gjorde at Hareid pressa fram fleire gjenvinningar høgt i bana og kverna og kverna oppover sidene der dei sendte inn nokre halvfarlige innlegg. Det var mykje bra spel og midtbanemannen Nicolay Sundgot utmerka seg i denne perioda med mykje skarpt spel på små flater.

Den første skikkelige sjansen i kampen kom etter 15 minutt då ein ball vart dempa og lagt til rette i føtene på ein Hareidsspelar som kunne skyte frå rundt 10 meter. Diverre gikk skuddet frå ein god posisjon rett i klypene på keeper midt i mål. Høgresida til Hareid med dei iherdige og oppofranda løpa til Stranden og Bjørlykke Kløvning vart ei konstant torn i sida til Langevåg-laget, noko som skulle gjenta seg gjentatte gangar utover i kampen.

Men det var ei flat pasning inn i bakrom som Martinus Røyset Bakken kontrollert kunne sette til side for keeper som gav den første scoringa i kampen, etter 20 spelte minutt. Langevåg på si side skapte lite gjennom ope spel, men det vart stort sett alltid litt kaos når dei pumpa innlegg inn i Hareid-feltet.

Nedfallsfrukta datt i beina på Langevåg-spelarar som med ei blanding av noko udyktigheit og gode blokkeringar frå vakne Hareid-forsvararar ikkje fekk kvittert mange avslutningar mot mål. Det farligste øyeblikket for Langevåg i 1. omgang kom i det 24. speleminutt, etter eit brudd på midten der Hareid vart tatt i ubalanse. Det påfølgande innlegget vart først bomma på av en spelar som ville heade ballen, før nestemann skaut ei laus avslutning som ikkje vart vidare farlig. Her kan en seie at Hareid var heldige som slapp unna baklengs.

Hareid fullførte en meget god kollektiv førsteomgang og kunne nesten ha krona verket med ei kjempefarlig kontring på overtid der ein brått var i overtal mot eit ryggande forsvar. Sjansen rann dessverre ut i sanden då ballen stoppa opp i ein Langevåg-mann og ein knota litt med avleveringa sånn at Langevåg fekk tid til å organisere seg igjen. Det siste som skjedde i 1. omgang var at den alltid jaktande Røyset Bakken fikk heade i farlig posisjon rett etterpå nevnte kontringssjanse – headinga vart laus og mangla litt på retninga, men ein bra sjanse som avslutta ein meget positiv Hareidsomgong.

2. omgong

Etter pausen kunne ein forvente ein reaksjon frå bortelaget og det var ei stund då dei pressa Hareid bakover i banen og pumpa innlegg inn i boksen. Vel og merke utan å komme til store muligheiter. Det skulle bli heitt då Driksna var sein i ei takling og ute med ein liten labb mot fjeset til ein Langevågar etter 47 minutt. Det vart gult kort på Driksna, kanskje var han ein ørliten smule heldig som slapp unna berre med det? Heldigvis for Hareid fekk han bli på bana og litt ut av det blå kom han igjen i fokus då han smadra eit skot i krysset frå gode 25 meter. Keeperen var oppe med ein hanske men fekk ikkje peiva skotet lenger enn enda djupare inn i målet. Ei kjempescoring etter 61 minutt og her trudde nok dei fleste at tre poeng var i boks for heimelaget.

Dei ti-femten påfølgjande minutta stod kampen og vippa litt, der Langevåg naturlegvis forsøkte å presse fram ei redusering, men klokka gjekk fortare og fortare for dei uten at dei kom nemneverdig nærare 2-1. Ikkje før det 80. minutt då ein mann gikk overende og dommaren peikte på straffemerket. Sjølv hadde skribenten ein for dårlig vinkel til å sjå situasjonen godt nok, men det var misnøye i Hareidsleiren over straffa. Var hendinga utafor straffeltet til å byrje med? Blåst var blåst og Ahmadzai sette straffa sikkert i mål.

Det vart heite sluttminutt og Naranth Thambithurai på Langevåg var ei kruttønne som måtte roast ned av eigne lagkameratar etter munnbruk og ei lovleg sein takling som gav gult kort. Det store stormløpet mot mål kom derimot ikkje og i dei ville overtidsminutta hadde Hareid to feite sjansar til å drepe kampen med 3-1. Den eine kom på ei megakontring der Sundgot blei spelt åleine inn mot keeper, runda sisteskansen, men frå meget skrå vinkel vart det vanskelig å få ballen på mål. Berre kort tid seinare, djupt inn i overtida, storma Sundgot framover mot eit vaklanda Langevåg-forsvar og vart kynisk tatt ned, noko som gav gult kort der ein kanskje burde ha gitt raudt for rein sabotasje på vei mot ein opplagd målsjanse.

I disse situasjonane viste Sundgot stort driv med ballen i beina. Det var mange gode prestasjonar i Hareidslaget denne dagen, men han blir framheva for god ballbehandling og godt driv saman med den meget aktive høgresida som gong på gong skapte problem for Langevåg med oppofrande og konstante løp. Ellers viste karar som Torgeir Skeide og Ruben-Kenneth Brandal kalde hovud med ballen i beina og løyste godt opp situasjoner i staden for å druse han vekk.

I ein kjapp dialog med trenar Kenneth Moldskred på veg inn til garderoba der feirande spelarar venta reflektere han over kampen og det han hadde sett:

- Eg tek med meg at vi ser ut som eit OK fotballag og at vi har ein fandenivoldsk og relativt smart kollektiv innsats.

På spørsmål om luftbombardementet til motstandaren sa han:

- Sånn blir det når dommaren legg lista der han gjer

Truleg med tanke på dei mange frisparka Langevåg fekk 30 og 40 meter frå mål. Han ville derimot ikkje kommentere straffesituasjonen og ga eit kort og kontant svar: - Det spelar inga rolle.

Når Moldskred åpna døra inn mot garderoba velta det ut jubelsong frå Hareidsgarderoba etter en deilig og fortent slitesiger i miserabelt ver.

4.-divisjon runde 1:

Hareid – Langevåg 2 – 1 (1 – 0)

Hareidsmyrane KGB

Tilskodarar: ca 60

Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL – Fotball.

Gule kort: Driksna (Hareid).  Thambithurai. Nordal (Langevåg).

Mål: 1-0 Røyset Bakken (20), 2-0 Driksna (61), 2-1 Ahmadzai (str.81),

Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide  – Nauris Driksna, Simon Holstad Grimstad, Torgeir Skeide, Gustav Bjørlykke Kløvning  – Sondre Hasund, Ruben-Kenneth Brandal, Nicolay Sundgot -  Fredrik Andresen (August J. Brandal 55), Martinus Røyset Bakken, Runar Skorge Stranden

*** Sundgot

** Bjørlykke Kløvning

* Skorge Stranden

Resultat 4.-divisjon runde 1:

Godøy - Larsnes/Gursken 1-2

Norborg - Emblem 2-2

Rollon - FK Sykkylven 1-1

Volda - Skarbøvik 1-0

Hareid - Langevåg 2-1

Bergsøy - Hødd2 2-3