Sondre Beite kom inn som innbytar i andre seriekamp på rad for Hødd, og sette fart i dei blåkvite i jakta på tre poeng. Beite såg også ut til å sikre sigeren med si scoring etter 73 minutt, men med Fram-scoring som det siste som skjedde i snøvêret på Høddvoll fekk laget berre med seg eitt poeng.

Det blir farleg når du kjem inn?

– Ja, det brukar å bli det, smiler Beite etter kampslutt.

– Det er alltid godt å score mål, det er noko eg føler har mangla. Scoringar og å starte kampar. I dag viser eg at eg kan kome inn og score, og eg trur eg skal kunne bite godt frå meg på scoringsfronten i 2.-divisjon.

Med scoringa mot Fram kan det kanskje også nærme seg ein startplass for angrepsspelaren.

– Eg har sjølvsagt lyst til det. Eg har ikkje lyst til å sitte på benken og sjå andre spele fotball, eg har lyst til å spele sjølv. Men når andre spelar så får eg hjelpe til på den måten eg kan.

Inga praktscoring

Beite kom inn til det som må karakteriserast som ein snøballkrig. Snøen lava i periodar ned over Høddvoll og hadde heilt klart innverknad på kampen.

– Det blei ikkje så mykje finfotball av det akkurat. Det blir kriging og om å gjere å halde ut i 90 minutt, seier Beite som meiner Hødd burde klart å kontre inn minst eit mål til når Fram kasta folk i angrep i jakt på utlikning. Hødd var også svært nære, men utan utteljing.

– Vi slit litt med å sette sjansane våre, for vi kjem jo til sjansar. Det er litt slurv i avslutningane. No var det ikkje noko praktscoring frå meg heller, det skal ikkje eg ha på meg, men ballen gjekk over streken og det er det som er om å gjere.

Praktscoring kan ein derimot kalle utlikninga til Fram Larvik, men langt inn i overtida og på ein av deira einaste sjansar var det tungt å svelge for Hødd.

– Det er steike kjedeleg. Det er så uflaks også. Dei skaper jo eigentleg ingenting og kor ofte scorar ein på eit hælspark på den måten? Eg kan stille meg opp hundre gongar og prøve og trur ikkje eg ville få det til, seier Beite.