Hødd - Fram Larvik

Høddvoll.

Hødd: Jan-Lennart Urke - Daniel Eid, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Vegard Heltne - Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset - Bendik Rise, Badr Rahhaoui, Didrik Sereba.

Benk: Sivert Pieroth, Preben Sætre, Magnus Myklebust, Sondre Beite, Eirik Franke Saunes, Amani Mbedule, Martin Mork Breivik.

Fram Larvik: Kenneth Stenild Nielsen - Alexander Hansen, Petter Lennartson, Ulrik Balstad, Sindre Lie, Mahmoud Laham, Haramoan Singh, Emil Kjeldsen, Aziz Idris, Marcin Pietron, Omar Fonstad el Ghaouti.

Benk: Milos Crnogorac, Kristoffer Tollefsen, Erik Rosland, Varg Støvland, Vegard Bakker.

Før kampen:

Det vart med det eine poenget i seriepremieren. Dermed bør det bli tre når Hødd møter Fram Larvik på Høddvoll.

Også laurdagens bortelag enda med eitt poeng i seriepremieren etter ein mållaus heimekamp mot Fana.

Fram Larvik har variert mykje i oppkøyringa til årets sesong, der dei har tapt 6–1 mot Strømsgodset, slått Hønefoss 5–1 og tapt knapt mot divisjonskollega Vindbjart.

Men heime på Høddvoll er det ikkje motstandaren som er viktigast for Hødd. I staden er det kva laget sjølv kan få til som står i fokus for Sindre Eid, som likevel har brukt noko tid på å analysere laurdagens bortelag.

– Her heime er det vi som skal vere best. Eg synest vi såg mykje bra på måndag, men håpar vi skal sjå eit Hødd-lag i stigning mot Fram Larvik. Vi ser ikkje på tabell på noverande tidspunkt, men satsar på å få eit lag som presterer betre og betre og at det får sette seg litt, seier Eid som legg til at det uansett vil gjere svært godt for sjølvtilliten i gruppa om ein kan starte med ein siger i første heimekampen. Og det har han tru på at dei skal klare.

– Eg forventar at vi skal vere så gode at vi vinn alle heimekampane våre, seier han.

Hødd håpar på mykje folk til årets første seriekamp på heimebane, og Eid har oppskrifta klar for korleis ein skal underhalde dei frammøtte.

– Veldig løpskraft, mykje energi og eit lag som stuper i angrep og som ønskjer å bestemme frå første minutt, seier Hødd-trenaren.

Skadefri tropp

Han kan gle seg over ein nærast skadefri tropp, der keeper Ole Monrad Alme er den einaste som er uaktuell. Hødd har likevel nokre spelarar som ikkje er heilt i kampform endå, mellom anna innlånte Amani Mbedule, som fekk eit innhopp borte mot Vard Haugesund.

Fire av dei yngre spelarane i A-troppen, Andreas Breimyr, Eirik Franke Saunes, Martin Mork Breivik og Sivert Pieroth, spelte også bortekampen mot Bergsøy i 4.-divisjon fredag, og er dermed ikkje aktuelle for ein startplass mot Fram Larvik.

– Vi prioriterer at dei får kamptrening denne gongen. No får vi cupkamp onsdag og ny seriekamp til helga, så då treng vi å få i gang så mange som råd, seier Eid.

Og at Hødd no får ei periode med fleire kampar på kort tid kan vere positivt.

– Så sant vi klarar å halde spelarane skadefrie og får trent godt så har vi ein så fin stall no at det er noko vi skal tole godt, seier Eid.

Badr Rahhaoui var svært nære ved å gje Hødd leiinga like før pause, men avslutninga gjekk i stolpen.