Det skulle ikkje ta lang tid før Hødd sette første målet sitt for kvelden.

For etter berre rundt 40 sekund blei ballen spelt til Amani Mbedule, som lekkert flikka ballen vidare til Bendik Torset på veg gjennom. Torset gjorde ingen feil åleine med keeper, og plasserte ballen elegant til sida for keeper og i mål til 1-0.

Dei første ti minutta av kampen var det inga tvil om kven som var det førande laget på Høddvoll. Etter 12 minutt kom Mbedule seg fram på venstrekanten, og fekk lagt flott inn til Bendik Torset. Denne gongen var ikkje Torset like presis, og sette ballen langt over mål. Frå andre kanten slo Sondre Beite inn forbi keeper til nemnte Mbedule, men Hødd sin kjappe spiss var akkurat ikkje kjapp nok til å få ei tå på ballen.

Spjelkavik kom seg fram til Hødd sin sekstenmeter ved eit par tilfelle dei første 25 minutta, men det blei ikkje til anna enn eit par halvgode avslutningar. Hødd slurva ein del rundt dette tidspunktet, og gav frå seg ballen unødig lett.

Så, ut av nesten ingenting, 35 minutt ut i kampen, kom Spjelkavik framover i full fart. Roald Andreas Runde blei felt av Amani Mbedule på veg mot mål, like innanfor sekstenmeteren, og dommaren blas for straffe. Straffa tok Benjamin Sunde, og klinka den i mål bak Hødd-keeper Jan-Lennart Urke til 1-1.

Kampen gjekk til pause på 1-1.

Andre omgang

Hødd gjekk ikkje overraskande offensivt til verks i starten av andre omgang. Trenar Sindre Eid gav nok spelarane klar beskjed om å vere meir bestemte i angrepsfasen.

Og det skulle betale seg. Knappe tre minutt av andre omgang var spelt då eit bestemt Hødd slo tilbake. Sondre Beite fekk tak i ballen, og fekk tuppa ballen vidare forbi keeper. På sin veg mot utsida av stolpen blei ballen i staden banka trygt i mål av Amani Mbedule til 2-1.

Etter 55 minutt fekk Hødd frispark. Sondre Beite hoppa over ballen, før Torbjørn Kallevåg banka til. Keeper gav retur, som Amani Mbedule sette i mål. Men, spelet blei blåst av for offside, og målet blei ikkje kjent gyldig.

Nok eit Amani-mål og raudt kort

Etter 58 minutt kom Amani Mbedule nok ein gong i fokus. Preben Sætre la flott inn framfor mål, der Amani Mbedule stod godt plassert. I konkurranse med Spjelkavik sine høgreiste stoppar var det Mbedule som vann duellen. Ballen gjekk forbi keeper Tor Erik Larsen til 3-1.

Etter Hødd sitt tredje mål var det stort sett einvegstrafikk mot Spjelkavik-målet.

Berre nokre minutt før slutt fekk diverre tomålsscorar Mbedule raudt kort etter at han fekk sitt andre for kvelden. Eit diskutabelt raudt kort.

Torbjørn Kallevåg la på til 4-1 like etter full tid. Dommaren blas av kampen like etter, og Hødd er med det greitt vidare i cupen.

Kampfakta

Første runde NM i fotball

Hødd – Spjelkavik 4-1 (1-1)

Bane: Høddvoll

Dommar: Torgeir Halsen, Åram/Vankam

Tilskodarar: 350

Mål: 1-0 Bendik Torset (1), 1-1 Benjamin Sunde (str. 35), 2-1 Amani Mbedule (48), 3-1 Mbedule (58), 4-1 Kallevåg (90+1)

Gule kort: Mbedule, Kallevåg (Hødd) S. Skulstad, M. Skulstad, Dalhus (Spjelkavik)

Raudt kort: Mbedule (Hødd)

Hødd stilte dette laget mot Spjelkavik:

Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke - Preben Sætre, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Martin Mork Breivik - Henrik Breimyr, Bendik Torset, Torbjørn Kallevåg - Magnus Myklebust, Sondre Beite, Amani Mbedule

Benken: Sivert Pieroth, Didrik Sereba, Bader Rahaoui, Andreas Breimyr, Bendik Rise, Daniel Eid, Eirik Saunes

Spjelkavik stiller dette laget