- Det var veldig surt å få det andre gule heilt mot slutten, spesielt når eg føler at det første eg fekk, då eg takla ein Spjelkavik-spelar slik dei fekk straffe, ikkje var gult kort. Eg var på ballen. Det verste med det raude kortet er at eg må stå over kampen mot laget vi møter i neste runde. Men, men. Eg får ta ein cupkamp på sidelinja, og heller håpe på å få starte neste seriekamp, sa Amani Mbedule til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

Då hadde han akkurat fått i seg varmen etter å ha blitt sendt av bana til ein tidleg dusj. Så lenge han var på bana sprang Mbedule Spjelkavik-spelarane varme, og var både høgt og lågt i dette oppgjeret.

- Eg er i grunnen godt nøgd med innsatsen min før eg blei sendt av, og det var godt å putte to mål. Begge måla kom i andre omgang, og både eg og laget elles var innstilte på å gjere ein skikkeleg innsats i andre halvdel av kampen for å sikre oss denne sigeren.

Tomålsscorar

Etter å ha assistert Bendik Torset på hans mål i første omgang, med ein nydeleg flikk, fekk Mbedule i andre omgang endeleg byrje å fylle opp målkontoen sin for dei blåkvite.

- Sondre (Beite) gjorde flott forarbeid, og då eg såg ballen han sendte i veg mot mål ikkje ville gå inn, var det berre å storme på for å banke den i nettet. På mitt andre mål må eg få skryte av Preben (Sætre), som la eit flott innlegg, seier Amani.

For etter 58 minutt la Preben Sætre flott inn framføre mål, der Amani stod godt plassert. I konkurranse med Spjelkavik sin høgreiste stoppar var det han som vann duellen. Ballen gjekk forbi keeper Tor Erik Larsen til 3-1.

- Eg håpar jo eigentleg litt på "ketsjupeffekten" no då. No som eg har scora to mål i denne kampen, så får vi håpe det blir mange fleire framover. Det er alltid kjekt å score mål, og eg ønskjer å score mange for Hødd, seier Amani Mbedule.

Nøgd trenar

Hødd-trenar Sindre Eid var godt nøgd med kampen, sjølv om Hødd varierte i prestasjonane.

- Første runde i cupen er alltid vanskeleg. Vi forventar siger, publikum forventar siger og alle andre rundt klubben forventar siger. Det første målet kom veldig tidleg, og blei sjølvsagt ein tøff start for Spjelkavik. Det gjorde godt for oss, og vi var gode første femten minutta. Innanfor dette tidsrommet kjem vi fram til fire store målsjansar.

- Men så går vi inn i ein slags dvale siste halvtimen av omgangen. Det var ikkje bra i det heile tatt, seier Eid.

Over i andre omgang blei det andre takter, ifølgje trenaren.

- Vi får to mål og drep kampen. Så datt vi litt ned igjen, før Torbjørn set inn vårt fjerde. Det er litt slik det er for tida. Vi er på veg mot noko bra, det er bra potensiale i mannskapet no, men vi svingar framleis for mykje.

- Amani blir viktig for oss

Sindre Eid var godt nøgd med tomålsscorar Amani Mbedule sin prestasjon.

- Han er så god som vi visste han kom til å bli. No er han hundre prosent frisk også, og kjem til å score mange mål for oss. Får vi spelt han opp i scoringsposisjon, vil han score mange mål, seier Eid.

Om Mbedule blir å finne i førsteellevaren mot Bryne til helga svarar Eid litt kryptisk.

- Han er sjølvsagt veldig aktuell for det.

Spjelkavik utlikna i ein periode av kampen der Hødd var svake. Gjestane fekk straffespark etter 35 minutt, og Benjamin Sunde sette ballen i mål til 1-1. Her feirar han målet saman med lagkameratane. Foto: Per Werkland.