Fasiten viser at Hareid har full pott etter dei to første serierundene. I første runde blei Langevåg sendt heim igjen med null poeng i bagasjen, då Hareid sikra seg tre herlege poeng i grisevêret på Hareid stadion.

Mål etter corner

Emblem kom best i gang, og la eit djupt press dei første ti-femten minutta. Men, det utan å kome fram til dei spesielt store sjansane. Hareid tok så over, og hadde god kontroll vidare fram mot pause. I denne omgangen fekk Hareid dessutan annullert eit mål. Ein corner frå Sondre Hasund gjekk nemleg rett i mål, men dommaren blas av for noko som skjedde i feltet, og annullerte scoringa.

Etter 32 minutt gjekk derimot Hareid opp i 0-1 ved Martinus Røyset Bakken på ein cornersituasjon. Eitt minutt etter dette igjen var Hareid farleg framme igjen, og var svært nær ved å gå opp i 0-2. Nikolay Sundgot trefte diverre ein motspelar i staden for målet med avslutninga si.

Heldt nullen

Første delen av andre omgang hadde Hareid god kontroll, og var det førande laget. Raudtrøyene kom også fram på to-tre gode overgangar og hadde gode sjansar til å doble leiinga.

Den største kom etter 64 minutt, då Nikolay Sungot fekk avslutte etter ei god kontring. Men, keeperen til Emblem fekk kontroll på ballen.

Utover i omgangen mista Hareid litt grepet, og det gjekk lenger mellom finspelet. Så la Emblem om til 3-5-2 med få minutt igjen. Dette gjorde at heimelaget kom fram til eit par ganske store sjansar mot slutten. Det kunne lett blitt 1-1 i denne perioden, men Hareid stod i mot. Kampen sett under eitt var det ein fortent siger til Hareid.

- Kjekt at vi lukkast

Hareid-trenar Kenneth Moldskred var godt nøgd med innsatsen til karane mot Emblem.

- Vi er veldig nøgde med at vi held nullen og nok ein gong gjennomfører ein solid kamp, og sikrar oss nye tre poeng. Vi har ei målsetting om å bli flinkare til å spele kampar heilhjarta, og det har vi klart to gonger no. Vi veit at vi må jobbe hardt saman for å få til noko, og då er det veldig kjekt å sjå at vi lukkast. Vi kan seie så mykje som at vi har hatt ein god start på sesongen, og måtte det berre halde fram slik, seier Moldskred.

Kampfakta

4. divisjon menn avdeling Sunnmøre

Emblem - Hareid 0-1 (0-1)

Emblem stadion

Dommar: Kristian Melset, Sykkylven IL Fotball

Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide - Nauris Driksna, Håvard Mork Breivik, Simon Holstad Grimstad, Gustav Bjørlykke Kløvning - Torgeir Skeide, Nikolay Sundgot, Ruben-Kenneth Brandal - Sondre Hasund (August Brandal, 59), Martinus Røyset Bakken (Lars Roar Holstad, 85), Runar Stranden

Benken: Rikard Johannes Osnes, Lars Roar Holstad, Ben Buntu, Fredrik Andresen, August Brandal, Venthan Ketheeswaran