Eirik Haugan har trent med Hødd den siste tida i påvente av at overgangen til dei blåkvite skulle verte godkjent. Torsdag kom stadfestinga på at Haugan er blitt Hødd-spelar. (Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. )

Eirik Haugan har trent med Hødd den siste tida i påvente av at overgangen til dei blåkvite skulle verte godkjent. Torsdag kom stadfestinga på at Haugan er blitt Hødd-spelar. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Haugan er klar for Hødd

Frå fransk storklubb til Høddvoll.

Som Vikebladet Vestposten skreiv før helga var det berre formalitetar som stod att før Eirik Haugan offisielt var klar for Hødd. No har desse kome på plass, og Haugan er registrert som Hødd-spelar av Norges Fotballforbund.

Hødd hadde i utgangspunktet håpa å få forsvarsspelaren klar allereie til 4.-divisjonskampen mot Hareid tysdag, men klubben fekk ikkje dispensasjonssøknaden godkjent i tide.

Haugan var likevel med på Hødd-treninga tysdag, og dagleg leiar Kari Mette Sundgot sa då at ho rekna med at overgangen ville gå i orden innan kort tid. No er det formelle i orden, og då spørs det om 19-åringen kan vere aktuell allereie mot serieleiar Nardo komande laurdag.

Eirik Haugan har spelt to cupkampar for Molde FK, men i 2015 signerte han ei treårskontrakt med den franske storklubben Marseille. Den kontrakten vart terminert i vår etter at Haugan ikkje lukkast i å finne seg ein ny klubb før overgangsvindauget stengte. 19-åreingen har spelt 40 aldersbestemte landskampar for Norge.

Ifølgje Hødd har Haugan signert ei kontrakt som gjeld ut 2018-sesongen.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

NM: Hødd - Molde

Fredrik Aursnes:

- Godt å vere tilbake

Hareidsdølingen Fredrik Aursnes var sjølvskriven for Molde på Høddvoll, og var nesten litt letta over at det ikkje var han som blei matchvinnar.

Ole Gunnar Solskjær:

- Hødd høyrer ikkje heime i 2. divisjon

Solskjær hadde berre gode ord om innsatsen til Hødd mot hans Molde.

Hødd - Molde 1-2:

- Surt å tape slik

Bendik Rise stod for Hødd sitt mål, og kunne fort blitt matchvinnar mot Molde. Men Molde ville det annleis.

God tid – dårlege forhold

Jonas André Ose sprang inn til 31. beste tid i Norge på 100 meter så langt i år.

Årsrapporten for Ulstein kommune:

Klarte seg gjennom eit tøft år

Fleire av kommunestyrepolitikarane gav ros til administrasjonen for god styring gjennom eit utfordrande år i fjor.

På flyttefot:

Folk flyttar til Sjøsida

– Vi gler oss veldig. Dette blir spanande, seier drivarane av Folk Spiseri. Les om flyttinga og utvidinga av konseptet her.

Ulstein kommunestyre:

Lukka saka på nytt etter debatt

Saka om overskridingane på Ulstein Arena blei som venta lukka. Å gi ut ein sladda versjon av dokumentet blei også vurdert.

Dieselutslepp frå Kleven Verft

Gaffeltruck stakk hol på dieseltank.

6.-divisjon

Tap mot serieleiarane

Medan Hødd 3 vann borte.

X-BOW på både film og papir

30. mai kjem hundrelappen med Ulstein X-BOW på. Men, designen har inspirert andre før, mellom anna norsk film og russiske frimerke.

Reketrålaren Remøy i arrest i Murmansk:

Ni av 17 får reise heim

Torsdag får ni av mannskapet på reketrålaren byrje på heimreisa til Norge.

Katrine og Thale skal på talentsamling

I juni går dei årvisse regionale talentsamlingane av stabelen i Orkanger, der to jenter frå Hødd Handball er med.