Toralv Opsal var på førehand den Dimna IL hadde størst forventningar til under UM og NM i mangekamp i Arna. Opsal leverte også varene og enda til slutt med solide 7186 poeng. Det heldt til ein førsteplass i juniorklassen og poengsummen var også nok til å kvalifisere seg til årets U20-EM, som også var hovudmålet denne helga.

I 2016 debuterte Kevin Wingsternes i mangekamp-NM med ei bronsemedalje, og under årets NM leverte han same resultat, no i 16-årsklassa. Markus Rooth var det ingen som kunne gjere noko med, men med 4737 poeng vart det bronse også i år på Kevin Wingsternes. I løpsøvingane var han godt med, men i stav og spyd har ungguten framleis litt å jobbe med.

Også i år hadde Dimna IL med nokre debutantar under NM. Både Kornelia Roppen og Anna Kleven var for første gong med på mangekamp. Kleven enda med 3423 poeng, medan Roppen enda på 2947. Også Malene Skaar Berg skulle i utgangspunktet delta, men ho vart dessverre sjuk og måtte stå over.