Han er cupmeister med Hødd og har vore med på å slå ut lag som Haugesund, Brann og AaFK i NM, men onsdag satsar Fredrik Aursnes på at det blir Cup-exit for gamleklubben.

Aursnes og Molde har ikkje fått den beste starten på sesongen og står med fire sigrar på ti kampar i Eliteserien. I helga vart det likevel ein viktig bortesiger mot Odd, der midtbanespelaren frå Hareid sette inn Molde sitt første mål.

– Det var viktig for sjølvtilliten vår. Vi har vore inne i ei dårleg periode, men eg håpar det snur. Vi starta sesongen ganske bra, og hadde tre sigrar på dei første fire. Deretter blei det to uavgjorte kampar og så tre tap. Dei tre tapa var i utgangspunktet jamne kampar, men det har butta imot, seier Aursnes.

Trur på Moldesiger

I utgangspunktet er Molde likevel store favorittar før kampen mot Hødd. Og Aursnes satsar på at det blir avansement på Høddvoll.

– Eg trur vi kjem til å vinne, men vi må ikkje gå i fella og tru at dette blir enkelt, sjølv om vi slo dei ganske mykje i ein treningskamp i vinter.

Då enda det heile 8–0 til Molde, men det har skjedd mykje i Ulsteinvik sidan den gong, og på Høddvoll har det kome til ein del nye spelarar.

– Eg trur ikkje vi skal legge så mykje vekt på den treningskampen. Det blir heilt sikkert tøffare denne gongen. Vi må ikkje undervurdere Hødd, for det er eit bra lag og den siste tida har dei gjort det veldig bra, seier Aursnes.

Molde fekk seg også ein støkk i førsterundekampen borte mot Volda, og truleg vil det sørge for at Eliteserielaget ikkje tek lett på oppgåva mot Hødd.

– Det var berre så vidt vi vann mot Volda, og vi skal ikkje gå i fella denne gongen.

Kva må Molde passe seg for mot Hødd?

– Eg tippar dei vil prøve å ligge lågt og satse på kontringar. Eg har jo vore med og nesten slå ut Molde for eit par år sidan, og det er vanskeleg dersom Hødd legg seg lågt og vi ikkje får utteljing tidleg. Det er nok det dei håpar på, og at dei kan kontre inn ei scoring.

– Artig kamp

Dersom Aursnes får spele blir dette hans første offisielle kamp mot gamleklubben.

– Eg gler meg! Det blir artig å spele mot Hødd. Det har vore mykje utskiftingar, men eg har trent litt med dei og har også blitt kjend med nokre av dei nye spelarane. Det blir ein artig kamp, trur 21-åringen.

På Hødd-midtbanen møter Molde truleg Torbjørn Kallevåg. Han har tidlegare varsla at han vil sette inn nokre taklingar mot sin tidlegare lagkamerat.

– Eg skal nok klare å felle han nokre gongar også. Det treng han ikkje tenke så mykje på, ler Aursnes.