Det er ikkje den viktigaste kampen Hødd skal spele denne sesongen, men cupkampen mot Molde onsdag blir kanskje årets største sportslege utfordring. For andrerundekampen mot Eliteserielaget blir eitt av høgdepunkta i ein sesong der laget spelar i 2.-divisjon.

– Eg trur det blir veldig kjekt. Dette er ein kamp vi ser veldig fram til, fortel Hødd-keeper Jan-Lennart Urke.

Urke seier at Hødd møter eit lag som er veldig dyktige på overgangar og at Hødd må gjere det dei kan for å unngå desse.

– Vi må pakke igjen sentralt og gje vekk minst mogleg unødvendige brot, slår Urke fast.

Hødd må spele smart

Han trur Hødd skal kunne gje Molde klart tøffare kamp enn det dei klarte under ein treningskamp i vinter. Då var Hødd sjanselause, og tapte til slutt heile 8–0.

– Den kampen har vi berre lagt bak oss. Vi har fått eit heilt nytt lag sidan den gong og vi kjem til å sjå noko heilt anna frå Hødd denne gongen.

Kva skal til for at Hødd får eit godt resultat mot Molde?

– Det gjeld å gjere den jobben som er avtala. At vi spelar slik som vi har planlagt og at vi ikkje spelar på oss brot. Tempoet blir nok høgare enn vi er vane med, og vi må spele smart. Samstundes skal vi ut og angripe. Det er det ikkje tvil om, seier Urke.

Hødd-trenar Sindre Eid gler seg til den tøffe utfordringa.

– Det er ei moglegheit til å skape gode opplevingar. Vi får testa oss mot eitt av landets beste fotball-lag, heime på Høddvoll. Det blir spanande og svært interessant å sjå korleis vi handterer dette.

Og Eid er offensiv før møtet med Ole Gunnar Solskjær sine utvalde.

– Vi går for siger. Det er berre denne kampen, og vi får ikkje spelt den opp att. Det er eit år til neste gong, så vi må gå ”all-in” og sjå kor langt det tek oss. Eg trur gutane har utruleg lyst til å spele ein veldig god fotballkamp.

– Må ha trua på oss sjølve

Samstundes er Eid klar på at det blir ein tøff test for Hødd. I helga vann Molde 2–1 borte mot Odd.

– Dei slo kanskje Norges beste heimelag i helga, og det er ingen tvil om at det er eit godt fotball-lag som kjem hit, men vi må ha trua på oss sjølve. Vi må tru på at vi kan prege kampen, at vi torer å spele og sjølvsagt må vi løfte oss nokre hakk frå det vi gjer i serien. Vi møter spelarar som er individuelt sterkare enn oss, men fotball er eit lagspel og vi håpar at vi kan utlikne ein del av dei individuelle kvalitetane Molde har ved å vere godt organiserte og gjennom ei veldig lyst til å vinne kampen.

Sist laga møttest i NM var tilbake i 2013. Då var Hødd svært nære ved å slå ut Molde, men Hødd rauk til slutt ut etter straffesparkkonkurranse. Og Hødd er ikkje ukjende med å slå ut storlag i NM.

– Det er det vi har gjort i mange år, og det er litt av vårt DNA. At vi går til desse kampane og overraskar fotball-Norge. Det håpar eg vi skal kunne gjere denne gongen også, seier Eid.

Ikkje dei store endringane

Han må klare seg utan Amani Mbedule til kampen mot Molde. Han fekk to gule kort i førsterundekampen mot Spjelkavik, og må difor stå over. Elles er både Daniel Eid og Vegard Heltne uaktuelle, og kampen kjem også litt for tidleg for nykomaren Eirik Haugan. Elles ser det ut til at Hødd har dei fleste tilgjengeleg, men Eid ser ikkje ut til å ville byte mykje på laget som slo Nardo 2–0 i helga.

– Eg har ikkje bestemt meg heilt for korleis vi skal starte. Vi har tre kampar på åtte dagar, så det blir ikkje heilt same laget som sist, men eg får kjenne litt på magefølelsen før vi tek ei avgjerd, seier trenaren.

Kampstart på Høddvoll er 18:00. Kampen kan du følgje gjennom våre direkteoppdateringar her på Vikebladet.no.

Sindre Eid håpar Hødd kan overraske fotball-Norge. Han slår fast at heimelaget går for siger heime mot Molde. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes