Hareid 2 sin merkelege sesong held fram. Laget som tapte 9-0 borte mot Hødd 3 i generalprøven og for to veker sidan spelte 1-1 borte mot Moltu (som enno ikkje hadde tatt poeng sidan dei starta opp før 2016-sesongen) har no spelt seks seriekampar utan tap.

Onsdagens 2-0-siger borte mot Tjørvåg var ein ekte lagsiger. Troppen var ikkje den største, men alle tok ein ekstra for laget for å ro sigeren i land.

Utover i kampen gjekk dei som sleit med skadar ned og spelte forsvar, medan dei som hadde friske føter tok plass i midtbaneleddet.

I 1. omgang hadde Hareid overtaket spelemessig, men fekk ikkje mål. Utteljing kom i 2. omgang då innbytar Fredrik Fagerli Abrahamsen (målgjevande: Brekke) og visekaptein Thor-Ove Brekke (målgjevande: Øvrelid) fann nettmaskene.

Keeper Rikard Osnes hadde heller lite å gjere dei første 75 minutta, men var god å ha då Tjørvåg til slutt kom til nokre sjansar siste kvarteret.

Laget (3-2-3-2): Rikard Osnes – Thomas Bøe Østrem, Andreas Emdal Fure (K), Martinus Warholm – Einar Orten Trovåg, Kevin Øvrelid – Emil Johannes Dahlen Folkestad, Benjamin Slettebakk, Thanusan Tharumalingam – Ben Buntu, Thor-Ove Brekke (VK) + Fredrik Fagerli Abrahamsen, Kurt Haddal.

*** Warholm, ** Brekke, * Buntu

Ref. Hareid IL