Onsdag slo Hareid 2 Tjørvåg 2-0 på bortebane. Denne veka har også Hasundgot og Hødd 3 vore i aksjon.

Hasundgot var onsdag vertar for Åmdal, som har starta sesongen svært bra, og som stod utan poengtap på sine fire første kampar. På Hasundgot stadion var det likevel heimelaget som tøk føringa. Thomas Gjerde sette inn 1-0 etter 21 minutt.

Men Åmdal slo tilbake. Først ved Mathias Remmereit, før Terje Rebbestad sende Åmdal i føringa sju minutt før pause. Få minutt etter kvilen auka Remmereit til 1-3 med si andre scoring for kvelden.

Det vart ny spenning i kampen fem minutt seinare, då Mats Bigset sette inn 2-3 frå straffemerket, men bortelaget har best flyt av desse laga og 17 minutt før slutt punkterte Vebjørn Osdal kampen. Det enda med tap for Hasundgot, som står med seks poeng og berre ein siger etter dei seks første kampane. Åmdal har framleis til gode å gje frå seg poeng.

Hødd 3 tok torsdag turen til Munkvoll for å møte Moltustranda. Heimelaget står med eitt poeng, etter å ha spelt uavgjort mot Hareid 2, medan Hødd 3 hadde vunne to av sine tre siste, og teke poeng i alle.

Det var også bortelaget som tok føringa på Munkvoll. Sander Ringstad Kanestrøm sette tidleg inn sitt første av totalt tre i kampen, og Jonas Våge Overå fulgte opp kort tid seinare.

Etter vel halvspelt første omgang auka Hødd 3 endå ein gong, no ved Johannes Meinseth.

Kort tid før pause fekk heimelaget ei redusering ved Kevin Gascogne, men det tok berre ti minutt av den andre omgangen før Hødd 3 var tilbake i ei tremålsleiing. Angel Gabriel Zarza Silva scora Moltustranda sitt andre for kvelden, før Sander Ringstad Kanestrøm sette punktum med 2-5 på tampen av oppgjeret.

Åmdal toppar avdelinga med 15 poeng, med Hareid 2 på plassen og poenget bak. Hareid 2 har samstundes ein kamp meir spelt enn både Åmdal, Bergsøy 2 og Hødd 3 som ligg på plassane rundt. Sæbø med ni poeng har berre spelt fire kampar så langt.

Komande kampar:

Åmdal - Moltustranda

Gjerdsvika IL/LGFK - Tjørvåg

Hødd 3 - Sæbø

Hareid 2 - Bergsøy 2

Åheim/Stadt - Hasundgot