Eirik Franke Saunes erstatta Henrik Breimyr etter 83 minutt i oppgjeret mellom Hødd og Nest-Sotra på Høddvoll søndag, og fekk sine første minutt med seriespel for Hødd sitt A-lag.

Ungguten, som både er eit talent på fotballbana og på langløp, kom inn i kampen på eit tidspunkt der Hødd sleit stort, men meinte det uansett var stort å få seriedebuten sin.

– Det var det, heilt klart. Synd eg ikkje kunne gjere noko med resultatet i dag, men eg er veldig glad for tilliten eg blei vist, sa Saunes til Vikebladet Vestposten etter kampen.

Saunes har spelt ein kamp for Hødd sitt A-lag tidlegare, men det var i cupkampen mot Spjelkavik.