Hødd 2 tok måndag imot Emblem og kunne ta tilbake tabelltoppen i avdelinga med poeng. Laget stod med full pott etter sine fem første kampar, og tok også kommandoen frå start mot Emblem.

For Hødd 2 vart det debut i Høddd-drakta for Eirik Haugan, som nyleg signerte for klubben. Framom han og stoppar-makker Aleksander Rekdal stilte heimelaget med ei svært ung midtbane, den Andreas Breimyr (21) var den mest erfarne. Han var flankert av Sindre Kleiven (2002) og Isak Skotheim (fødd 2001).

Heimelaget tok også kommandoen frå start. Emblem fekk ikkje låne ballen spesielt mykje, og prøvde stort sett på raske gjennombrot når dei fekk sjansen, men då hadde Hødd stort sett bra kontroll på det som kom.

Dei første femten minutta skjedde det lite, men på høgrekanten hadde heimelaget Sondre Beite, og han trengte ikkje meir enn ei moglegheit før Hødd 2 var i leiinga. Beite fekk ballen på 17 meter, såg opp og sette den i mål via stolpen.

Tempoet i den første omgangen var tidvis temmeleg lågt, og bortelaget klarte aldri å sette Hødd under særleg press. Men heller ikkje heimelaget skapte spesielt mykje og det var langt mellom dei gode moglegheitene. Ofte blei Hødd-spelarane i overkant ambisiøse i pasningsforsøka nære Emblem sin 16-meter.

Seks minutt før pause gjekk Hødd opp i 2-0. Bam Hide kom stormande oppover venstresida og slo eit hardt innlegg framom mål. Der var det ikkje mange Hødd-spelarar, men Sondre Foss Follesø sklei ballen i eige nett frå kort hald.

Like etter fekk Emblem sin første halvsjanse i kampen, men forsøket som kom etter fint spel gjekk til side for mål.

I staden var Magnus Myklebust nære ved å sette inn Hødd sitt tredje. Badr Rahhaoui tok seg forbi eit par mann, avanserte eit stykke med ballen før han spelte fri Magnus Myklebust. Han fekk snudd og og sende i veg eit skot frå 17 meter, men det sneik seg på utsida av stolpen, og dermed gjekk laga til pause på 2-0.

To kjappe signert Myklebust

Etter pause skulle det ikkje ta meir enn fire minutt før Hødd 2 auka. Andreas Breimyr tok med seg ballen oppover etter eit Emblem-frispark, kombinerte med Isak Skotheim og Sondre Beite, før han spelte fram Magnus Myklebust nærast på ope mål. Fleire Hødd-spelarar kunne ha sett inn ballen, men det vart veteranen som vart sist på kula.

Og berre to minutt seinare var same mann på farta igjen. Myklebust vart spelt fram like utanfor 16-meteren, og der "chippa" han ballen elegant over keeper til 4-0.

I Hødd-debuten blei det 61 minutt på Eirik Haugan. Midtstopparen hadde full kontroll på det meste Emblem-angrepet hadde å kome med, og viste prov på ein del av sine kvalitetar med ballen.

Hødd 2 heldt fram med å kontrollere kampen, og dei var ikkje langt unna fleire scoringar. Både Sondre Beite og Magnus Myklebust hadde moglegheiter, men Emblem fekk rydda unna.

Det opna seg etter kvart nokre store rom på Emblem sin banehalvdel, og dette utnytta Hødd ved å sende i veg lange pasningar mot Sondre Beite. Etter 68 minutt kom han nære, men skotet frå spiss vinkel gjekk over.

Kort tid seinare kom Bastian Rasmussen på eit fint initiativ på høgresida. Han slo inn framom mål der Magnus Myklebust var centimeter frå å pirke inn sitt tredje.

Det tok 69 minutt før bortelaget fekk sin første store sjanse, men då vart Ole Monrad Alme tvinga til å gjere ei god reaksjonsredning frå kort hald, etter at Hødd ikkje klarte å rydde unna i eigen 16-meter. Alme var også fint på plass minuttet seinare, då Emblem igjen spelte seg fint fram, men den avgjerande pasninga vart litt for lang, og dermed vart det ein grei jobb for keeperen.

Vakkert frå Beite

Då 76 minutt var passert varta Sondre Beite opp med ein verkeleg lekkerbisken. Magnus Myklebust vart spelt fram på venstresida. Han plukka ut Beite bakarst i feltet, og kantspelaren vippa ballen over næraste forsvarar på første touch, før han sette ballen i mål med det neste. Ei vakker scoring frå Beite.

Fem minutt før slutt fekk Peter Hasund ein stor sjanse etter fine kombinasjonar sentralt, men avslutninga frå midtbanespelaren gjekk rett på keeper.

Heimelaget var aldri truga heime på Høddvoll, og gjorde stort sett mot dei ville mot Emblem. Bortelaget skapte lite og med endå meir tempo i spelet kunne nok Hødd 2  ha skapt endå meir enn dei gjorde. Sigeren var aldri truga og det var mest eit spørsmål om kor stor den skulle bli. Til slutt enda det 6-0.

Den siste scoringa var det igjen Magnus Myklebust som blir kreditert, men han må dele mykje av æra med Håkon Botn Brautaset som kom seg i innleggsposisjon og spelte ballen via rygget på Myklebust og i mål.

Hødd 2 er dermed tilbake på toppen av 4.-divisjonstabellen. Laget har to poeng ned til Volda, og har vunne alle sine seks første kampar denne sesongen.

Kampfakta:

Hødd 2 - Emblem 6 - 0  (2-0)

Høddvoll, ca. 100 tilskodarar.

Dommar: Kristian Melset, Sykkylven IL.

Mål: 1-0 Sondre Beite (15), 2-0 Sjølvmål (39), 3-0 Magnus Myklebust (49), 4-0 Myklebust (51), 5-0 Sondre Beite (76), 6-0 Magnus Myklebust (89)

Hødd 2: Ole Monrad Alme - Bastian Rasmussen, Eirik Haugan (Elias Flø 61), Aleksander Rekdal (Sveinung Tilseth Sæterås 46), Bam Hide (Håkon Botn Brautaset 50) - Andreas Breimyr, Isak Skotheim (Peter Hasund 68), Sindre Kleiven (Sander Djupvik 68) - Sondre Beite, Badr Rahhaoui (Isak Haanes 46), Magnus Myklebust