- Når til og med Jesper (Törnqvist, Hødd-kaptein og midtstoppar, red. anm) har scora, så var det på tide at ein spiss gjorde det også, sa ein spøkjefull Badr Rahhaoui til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

For det har ikkje vore angriparane som har stått for brorparten av scoringane for Hødd denne sesongen. Midtbanemann Torbjørn Kallevåg er toppscorar så langt for dei blåkvite.

- Utruleg deilig

Badr Rahhaoui scora sitt fyrste offisielle mål for Hødd då han stanga inn 2-0 målet på bakarste stolpe. Det kom etter 68 minutt, i ein viktig periode av kampen. Ein periode der Vidar hadde pressa på for utlikning.

- Det var utruleg deilig å score i dag. Det har vore mykje stang ut og hard jobbing, men i dag sat den endeleg, sa Rahhaoui etter kampen.

Badr Rahhaoui hadde sjansen til å legge på til 2-0 allereie halvvegs i fyrsteomgangen, men greidde ikkje sette ballen i det opne målet.

- Den er grov, eg stjel rett og slett ein assist frå Preben, som slår ein perfekt ball inn i feltet. Likevel ser eg det positive i den missen også; eg gir meg ikkje, og får til slutt betaling for det når eg scorar i andre omgang. Vi har noko på gang, og eg gler meg til forsettjinga. Eg trur vi har gode sjansar på å kneppe inn på toppen framover.

Spissen vil ikkje røpe kva personlege mål han har for resten av sesongen.

- Eg har eit tal på mål i hovudet, men det har eg tenkt å halde for meg sjølv, kanskje eg kan røpe det etter sesongslutt, avslutta Rahhaoui med eit glis.

- Elendig fyrste omgang

Hødd sin midtbanevirtuos Torbjørn Kallevåg var ikkje nøgd med eigen prestasjon i fyrsteomgangen mot Vidar.

- Sindre burde eigentleg bytta meg ut i pausa i dag. Eg slo vekk ballen og gjorde stort sett ingenting bra, sa ein sjølvkritisk Kallevåg etter kampen.

I andre omgang losna det heldigvis, fortel bømlingen.

- Eg har vore sjuk ei veke og trengde nok den fyrste omgangen for å kome meg i gong i dag. Etter pause kom det seg heldigvis, og eg får notert meg for både scoring og målgjevande. Når vi i tillegg tek 3 poeng og vinn 3-0, må ein vel kunne seie at ein er greit nøgd med kampen alt i alt, fortsette ein smørblid Kallevåg.

- No gjeld det berre å køyre på vidare, og hente heim tre poeng borte mot Vindbjart i neste kamp, avslutta toppscoraren.

Torbjørn Kallevåg fekk æra av å setje inn Hødd sitt tredje og siste mål for kvelden. Her går han over til Amani Mbedule for å takke for hans målgjevande pasning. Foto: Per Werkland.