Hødd 2 var torsdag på jakt etter sin niande strake siger i 4.-divisjon. Laget har hatt ein perfekt vårsesong, og fekk også ein perfekt start borte mot Langevåg.

Andreas Breimyr har berre såvidt fått speletid på A-laget, men viste seg fram frå start for rekruttane. Allereie etter om lag åtte minutt sette han inn 1-0 med ein følsom "chip".

Det var Hødd 2 som hadde den klart beste starten mot Langevåg, men heimelaget slo tilbake og utlikna til 1-1 etter ein dødball. Albert Devold sette inn utlikninga etter ein corner.

Og deretter tok Langevåg også leiinga. Også no etter ein dødball. Carl Fredrik Holen sette hovudet på eit frispark og sende ballen i mål til 2-1.

Så var det Hødd 2 sin tur til å slå tilbake. Petter Haddal Worren sette ballen direkte i mål på eit frispark frå kanten, og då var laga likt om lag ti minutt før pause.

Og kampen skulle snu endå ein gong. Denne gongen var det Hødd 2 som tok tilbake leiinga, ved leigesoldaten Amani Mbedule. Han sette inn 3-2 få minutt før pause. Og det var også resultatet då omgangen var over.

I den første omgangen var det Petter som scora på frispark for Hødd. I den andre omgangen var det Peter, denne gongen med etternamn Hasund. Han klinka ballen i mål frå vel 20 meter og Hødd 2 gjekk dermed opp i tomålsleiing mot Langevåg.

Og frispark var tydligvis ei bra oppskrift for Hødd, for det var slik også kveldens femte scoring kom. Denne gongen var det Andreas Breimyr som fekk sjansen, og han sette inn sitt andre for kvelden.

Svært mykje skjedde på dødballar i denne kampen, og Hødd 2 skulle også få ei sjette scoring, denne gongen på straffespark. Det sette Håkon Botn Brautaset i mål, og Hødd 2 var dermed oppe i firemålsleiing.

Heimelaget gav likevel ikkje opp, og sette inn 3-6 kort tid seinare ved Simon Vågnes. Og nokre få minutt før slutt vart det også 4-6, før 5-6 fulgte kort tid seinare. Dermed vart det nokre hektiske sluttminutt for Hødd 2, men dei blåkvite heldt på leiinga til dommaren bles av, og har no vunne ni strake kampar i 4.-divisjon.

- Vi spelar ein god fotballkamp fram til Langevåg si tredje scoring. Etter det blei det litt kaotisk, men vi vinn svært fortjent. Vi spelar mykje fin fotball, har ballen klart mest og skaper klart flest sjansar. Læringa for alle blir å gjere dette med bedre balanse og offensiv markering, slik vi unngår kontringar og dødballar imot - som var det Langevåg hadde å komme med. Også veldig kjekt med tre debutanter for Hødd 2 i seriesamanheng - det gror godt, kommenterer trenar Sander Håskjold Nyland.

Dei tre debutantane var Joakim Goksøyr Ulstein, Andreas Nesset Jr. og Sondre Muren Gjerdsbak.