For etter å ha heia fram klubbkameratane på Bislett torsdag vender mange av Dimna IL sine unge og lovande merksemda mot Nadderud stadion og årets utgåve av Tyrvingleikane.

– Vi har nærare 30 utøvarar som skal i aksjon, så vi kjem til å vise godt igjen på Nadderud. Det har blitt som ein tradisjon at vi prioriterer dette stemnet, som er Norges største stemne for barn og ungdom, og der det også stiller eit bra seniorfelt. Det blir mykje god konkurranse for våre utøvarar, og litt andre konkurrentar enn dei vi møtte i Bergen, fortel Dimna-trenar Arve Hatløy.

Toralv Opsal var i aksjon under Bislett Games og skal også vere med under Tyrvingleikane. I helga er målet at mangekjemparen skal få trent litt på nokre av øvingane han må forbetre før U20-EM seinare i sommar.

– Han skal også hoppe lengde under Norwegian Grand Prix som går laurdagskvelden, fortel Arve Hatløy.

To seniorar, mange juniorar

Til Tyrvingleikane reiser Dimna med to seniorutøvarar, Nicolas Roppen Masters og Alice Ulla Berg. Roppen Masters skal berre springe 200 meter, medan Ulla Berg er tilbake på friidrettsbanen etter den kraftige strekken ho fekk under NM-stafetten i Ulsteinhallen i vinter.

Som under Framoleikane i Bergen håpar Arve Hatløy at dei mange Dimnautøvarane skal få med seg mykje gode prestasjonar og opplevingar frå Tyrvingleikane, men som stemnet i Bergen viste så er det også ein del av dei lokala utøvarane som kan vere med å kjempe om topplasseringar.

– Det viktigaste er at dei klarar å prestere opp mot sitt beste, og kanskje få med seg nokre personlege rekordar. Vi har nokre som truleg vil vere med i toppen av sine øvingar, som Anna Kleven, Kornelia Roppen, Johanne Rise Kvalen og Jonas André Ose, vurderer Hatløy.

Rise Kvalen var sist helg med på sitt første elitestemne, og viste der at hoppforma er i anmarsj med 5,52 meter.

– Det er det lengste ho har hoppa, sjølv om det var litt mykje medvind. Det var eit veldig godt hopp, seier Hatløy.

No ventar nokre hektiske dagar for Hatløy og resten av Dimna-gjengen, med mykje aktivitet og flotte opplevingar både på friidrettsbanen og frå tribuneplass.