Vindbjart - Hødd 2-2:

Kallevåg sikra poengdeling

Hødd spelte andre omgang med ti mann, men sikra eitt poeng heilt på tampen i Vennesla.

Første omgang

Hødd gjekk aggressivt til verks frå start av. Ingen store sjansar første fem minutta på Moseidmoen gress. Heimelaget hadde ballen mest av dei to laga det første kvarteret, men kom ikkje fram til spesielt store sjansar. Heller ikkje Hødd var presise nok.

Hødd fekk derimot kampens første sjanse etter rundt 18 minutt, då eit langt innkast frå Bendik Rise hamna på pannebrasken til Magnus Myklebust. Gurskingen fekk avslutta, men ein litt fomlande keeper for heimelaget fekk etter kvart kontroll.

Begge lag med halvfarlege sjansar ikkje så lenge etter, men framleis ingen mål. Sjansefattig første halvtime.

Så, etter rundt 40 minutt, skjer det noko spesielt i feltet til Hødd. Keeper Jan-Lennart Urke får raudt kort for dytting etter at ballen var ute av spel. Myklebust går ut for å få inn reservekeeper Ole-Monrad Alme.

Laga gjekk til pause etter ein sjansefattig omgang, og det mest dramatiske som skjedde var altså det raude kortet til Jan-Lennart Urke.

Andre omgang

Hødd måtte altså klare seg med ti mann etter at laga hadde byta side. Det skulle også vise seg å føre til problem for gjestane. For etter 51 minutt banka Kim Kvaalen inn 1-0 til heimelaget frå like innanfor sekstenmeteren.

Vindbjart var framme på mange farlege sjansar også etter dette, og Hødd hadde tydeleg nok med å forsvare seg mot eit aggressivt heimelag.

Det skulle diverre bli verre for Hødd. Øyvind Gausdal, toppscorar for Vindbjart med fire scoringar før dette oppgjeret, stanga inn 2-0 for heimelaget etter 83 minutt.

Men, så reduserte plutseleg Hødd!

Badr Rahhaoui sette inn sitt andre mål for sesongen, då han trilla ballen forbi Vindbjart-keeperen til 2-1 etter 85 minutt. Det etter eit flott angrep frå Hødd.

Så skjedde det endå meir i favør Hødd. For då klokka hadde runda 90 minutt fekk Hødd straffe, då Steffen Moltu blei dradd ned innanfor sekstenmeteren til heimelaget. Straffe sette Torbjørn Kallevåg kontant i mål, heilt nede ved stolperota.

Det enda med 2-2 og poengdeling i Vennesla søndag.

 

Slik stiller Hødd mot Vindbjart:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Martin Mork Breivik, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Preben Sætre - Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Rise - Didrik Sereba, Magnus Myklebust, Badr Rahhaoui

Innbyte: Ole-Monrad Alme, Eirik Haugan, Eirik Saunes, Andreas Breimyr

 

Før kampen

Dei blåkvite er på plass på Moseidmoen gress i Vennesla, der Vindbjart står klare på motsett banehalvdel. Dette blir det første møtet mellom Hødd og Vindbjart nokosinne. Laget frå Vest-Agder ligg på 12. plass før søndagens oppgjer, og har berre tatt 7 poeng på dei ni første serierundene. Kan Hødd kapre nok ein siger, etter det gode resultatet mot Vidar sist? (3-0 på Høddvoll).

Du kan følgje kampen her på vikebladet.no. Sjå LIVE-oppdateringar i toppen av denne saka.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Kanskje kan det gå ein autonom båt inn til Ulsteinvik?

Rorbuer og bustader på Lyngneset

Hareid og Ulstein skal samarbeide om brannvern

Signerte kontrakten

Steinar Reiten, KrF om Runde Miljøsenter og maritim industri

-Bør samarbeide tettare