Det skulle bli null nettkjenningar for begge lag, då Skarbøvik tok i mot Hødd 2 heime på Skarbøvik Stadion, eller "Siffen". Hødd 2-trenar Sander Håskjold Nyland fortel at det var ein kamp der rekruttane godt kunne henta med seg alle poenga heim.

- Skarbøvik opna best, og hadde tre relativt store målsjansar. Men, Joakim Goksøyr Ulstein, som debuterte for start for oss i går, redda desse på meisterleg vis, fortel Håskjold Nyland.

Trenaren fortel at Skarbøvik var det beste laget dei første 25 minutta, men at Hødd 2 så tok over fram mot pause.

- Vi skapte fleire store målsjansar, men diverre blei vi utan scoringar. Skarbøvik fekk også ein mann utvist i denne gode perioden for oss. Ein kan alltids diskutere om det blir enklare når motstandaren får ein mann mindre, men det er  ikkje alltid det fungerer slik. Vi gjekk uansett til pause ved godt mot. Vi spelte oss opp i løpet av første omgangen, og eg vil seie vi lærte av den svake perioden i starten.

Full kontroll

I andre omgang hadde Hødd kontroll på det aller meste som føregjekk på "Siffen".

- Vi kom fram til gedigne sjansar, eg vil seie rundt ein 6-7 store, store moglegheiter. Diverre omsette vi heller ikkje desse i mål, seier Sander Håskjold Nyland.

Dette var den dagen der Hødd 2 stanga, stanga og stanga.

- Vi gjekk på årets første poengtap, men føler ikkje det var fortent at det blei slik utifrå spel og sjansar. Men når vi ikkje er betre på siste tredjedelen av bana, slik som i går, så må vi lære meir av det. Det var ein god kamp spelemessig, og vi var det dominerande og beste laget. Fotball handlar om å setje ballen innanfor stengene, men det lukkast vi ikkje med mot Skarbøvik denne gongen. All honnør til SIF som gjorde dette vanskeleg for oss.

Klar til NM-kamp

Som Vikebladet Vestposten også har skrive før, så møter juniorane i rekruttgruppa Molde i tredje runde i NM laurdag ettermiddag. No meiner Sander Håskjold Nyland at Hødd skal vere klare til dyst.

- Vi kom frå gårsdagen utan skadar, og det var viktig. Diverre har vi nokre spelarar som ikkje blir med. Daniel Eid kom inn for oss torsdag, men måtte nesten rett ut igjen, Eirik Saunes har karantene, Bendik Rise er i førsteellevaren på A-laget, men elles er vi alle mann alle. Gruppa er kapable til å vinne mot Molde, men det blir veldig spanande å sjå, seier han til slutt.

Kampfakta

4. divisjon menn

Skarbøvik - Hødd 2 0-0 (0-0)

Skarbøvik Stadion

Dommar: Mathias Smehus Kringstad, Valder IL-Fotball

Hødd (4-3-3): Joakim Goksøyr Ulstein - Bastian Myklebust Rasmussen, Eirik Haugan, Petter Haddal Worren, Sindre Ryttvad Kleiven - Sander Djupvik, Eirik Saunes, Andreas Breimyr - Sondre Beite, Gustav Brandal Dimmen, Amani Mbedule

Innbyte: Andreas Moldskred, Isak Haanes, Elias Martin Flø, Peter Hasund, Wachirawut Phudithip, William Fjørtoft, Daniel Eid