Etter to strake Diamond League-sigrar i Oslo og Stockholm, banka Dimna IL-utøvar Karsten Warholm til med siger også i lag-EM i Finland laurdag.

Han var ifølgje NRK suveren, og sprang i mål på tida 48,46.

– Det er ei ekstremt god tid. Det er så solid, så det er nesten vanskeleg å finne på noko meir bra å seie om han no, sa NRK-ekspert Vebjørn Rodal under NRK si sending.

På andreplass kom Yasmani Copelo på tida 49,19.

Karsten Warholm sjølv sa dette til NRK:

– Det er eg særs overraska over faktisk. Eg har tynt kroppen litt i det siste, seier Warholm til NRK.

Til Vikebladet Vestposten sa ein sliten Karsten Warholm at han var nøgd med løpet, og den flotte løpsrekkja han har levert siste tida.

- Eg er ekstremt glad for å kunne levere så stabilt. No blir det å lande litt, og så er det vidare til neste post på programmet, seier Warholm.

Med sigeren sikra Karsten Norge sitt landslag 12 viktige poeng, som blir nyttige i kampen om opprykk.