- Det var veldig deilig å komme i gong, men det gjekk jo ikkje akkurat slik eg hadde håpa på, då. Det var ein dårleg kamp, både frå meg og frå laget, sa ein tydeleg skuffa Eirik Haugan i pressesona etter kampslutt.

Haugan starta sin første kamp for Hødd i oppgjeret mot Byåsen, då han erstatta lagkaptein Jesper Törnqvist. Steffen Moltu tok på seg kapteinsbindet, og saman med Haugan skulle duoen jobbe for å forhindre Byåsen-mål. Slik gjekk det altså ikkje.

- Dei får spele akkurat slik dei vil. Vi er ikkje på langt nær kyniske nok når vi har ballen. Eg skjønar ikkje heilt kva som skjedde der i starten. Men at dei fekk score begge dei to første måla var alt for dårleg frå vår si side. Det er kampar som dette vi er nøydde til å vinne om vi skal henge med, og kneppe inn på teten, seier Haugan.

19-åringen spelte i si tid to cupkampar for Molde FK, men i 2015 signerte han ei treårskontrakt med den franske storklubben Marseille. Den kontrakten vart terminert i vår etter at Haugan ikkje lukkast i å finne seg ein ny klubb før overgangsvindauget stengte. Haugan har også spelt heile 40 aldersbestemte landskampar for Norge.

- Slit med å omsette til mål

Midtstopparkollega Steffen Moltu var samd i vurderingane til Eirik Haugan, og var like skuffa over resultatet.

- Det såg ikkje ut som vi hadde møtt opp til kamp i dag. Det gjer at vi hamnar i slikt uføre tidleg i kampen. Sjølv om vi kjem tilbake, og er det beste laget i andre omgang, så vart det veldig vanskeleg å hente opp igjen leiinga deira. Vi slit med å skape og omsette sjansane våre til mål, seier gurskingen og legg til:

- I andre omgang dominerer vi, og totalt sett hadde vi kanskje fortent ein uavgjort her i dag. Men slik blir det ikkje, og det er ikkje godt nok.