Turnaren frå Ulsteinvik kvalifiserte seg allereie i april i år, men det var først i dag det vart offisielt annonsert frå Olympiatoppen at ho var med i uttaket.

Eiken Fosse blir ein av 43 utøvarar, fordelt på fem ulike idrettar, som skal representere Noreg i det største multi-sport-arrangementet for ungdom i Europa.

Pappa og trenar Vidar Fosse vert òg med til Ungarn, då han er tatt ut som trenar av Olympiatoppen.

Det er forventa at heile 3600 utøvarar og trenarar/ledarar frå 50 ulike nasjonar skal i aksjon under leikane i sommar.

Med i turntroppa er:Edel Charlotte Eiken Fosse         Nidaros TurnforeningMari Tideman Kanter                 Holmen Tropp og TurnAnne Tingvold                           Holmen Tropp og Turn

Trenere: Aleksandra Smirnova og Vidar Fosse

Theodor Gadderud                      Oslo TurnforeningFredrik Bjørnevik Aas                   Nedre Glomma TurnforeningJacob Gudim Karlsen                   Oslo Turnforening

Trenere: Valentyn Skrypin og Lucian Fratiloiu