Karsten Warholm tok seg kontrollert vidare frå sitt forsøksheat på 400 meter. 
            (Foto: Arkivfoto: Eirik Førde.)

Karsten Warholm tok seg kontrollert vidare frå sitt forsøksheat på 400 meter. Foto: Arkivfoto: Eirik Førde.

U23-EM i friidrett:

Full kontroll i forsøket

Karsten Warholm til semifinale på 400 meter.

Karsten Warholm opna torsdag sitt U23-EM i Bydgoszcz i Polen med forsøk på 400 meter. Stortalentet har valt å springe både 400 meter og 400 meter hekk under U23-EM, og får dermed eit tett program, som kan ende med heile seks løp i løpet av fire dagar.

Les også: Storfavoritt i Bydgoszcz (For abonnentar)

Warholm hadde den klart beste tida så langt i år av alle som stilte til start i forsøket på 400 meter med sin norske rekord på 44,87.  21-åringen var plassert i fjerde og siste heat i forsøket, der dei tre beste frå kvart heat, pluss dei fire beste tidene, gjekk til semifinale fredag.

Les også: Satsar på dobbelen

Med så mange løp på få dagar, og med klart betre personleg rekord enn konkurrentane sine var det spanande å sjå kva tempo Warholm ville legge opp til i forsøket.

Warholm tok kommando i løpet frå start, men det såg ikkje ut til at han måtte legge inn maksfarta på opningsdistansen. I staden kontrollerte Warholm feltet og sprang i mål til 46,70 og førsteplass i sitt heat. Dette var også den nest-beste tida totalt i dei fire forsøka. Raskast var Luka Janezic frå Slovenia med 46.44.

Det gjekk elles temmeleg kjapt i Warholm sitt heat, og heile tre av fire som gjekk vidare på tid kom frå dette heatet.

For Karsten sin del er det forsøk på 400 meter hekk som er neste post på programmet. Det skjer fredag, og då skal han også ut i semifinale på 400 meter.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: