Karsten Warholm gjorde akkurat det han skulle under forsøket på 400 meter torsdag. På U23-EM sin opningsdag sprang Warholm i mål på 46,70. Det heldt til førsteplass i sitt heat, og nest-beste tid i forsøket.

Les også: Full kontroll i forsøket på 400 meter

U23-EM blir samstundes eit maraton-meisterskap for Warholm. For med både 400 meter og 400 meter hekk på programmet kan stortalentet ende med heile seks løp på fire dagar.

Les også: Storfavoritt i Bydgoszcz (For abonnentar)

Fredag ettermiddag skal Warholm ut på semifinale på 400 meter, men før den tid måtte han gjennom forsøket på 400 meter hekk. Og der Warholm på førehand var favoritt på 400 meter, er han storfavoritt på 400 meter hekk. Hans beste tid i år er meir enn sekundet betre enn nestemann som stiller på denne distansen.

Dei tre beste i kvart heat kvalifiserer seg til semifinale. I tillegg gir dei fire beste tidene semifinaleplass.

Warholm stilte i det tredje av fire heat i forsøket, og fekk bane sju i sitt heat.

Karsten var tidleg oppe på sida av mannen i bana ved sidan av, og tok kontroll på heatet. Inn mot mål roa Warholm heilt ned og jogga over streken til 50,88. Han let seg ikkje stresse av at tyske Hanssen prøvde seg litt ut av siste svingen, og det såg ut til å vere ei svært kontrollert gjennomføring for 21-åringen.

Første heat vart vunne av franske Vaillant på 50,38. I det andre heatet var det sveitsiske Brand som var sterkast, og som vann med tida  50,45. Det siste heatet vart vunne av svenske Isak Anderson på tida 50,69.

Warholm hadde dermed svakast vinnartid, men det såg også ut til at Warholm hadde mykje inne dersom han hadde hatt bruk for det.

Til arrangørane sine nettsider fortel Warholm at han ønskte å sette utgangsfarta på feltet og deretter senke farta, slik at han kunne spare litt krefter før semifinalen på 400 meter seinare i dag.

Norge hadde også med Joachim Sandberg i første heat. Han kom på ein fjerdeplass der med tida 51,19 og det skulle vise seg å vere godt nok til å ta ein av dei fire semifinaleplassane på tid. Dermed to nordmenn til semifinale.

U23-EM i Bydgoszcz blir ikkje sendt på norsk tv, men det er mogleg å følgje Karsten Warholm på det europeiske friidrettsforbundet sine nettsider.