Etter to kjappe scoringar kasta Hødd alt dei hadde i angrep mot slutten av kampen mot Vard Haugesund. Eit av trekka frå benken var å sende innpå Håkon Botn Brautaset til sin første offisielle A-kamp for Hødd.

– Eg fekk ikkje gjort så mykje dessverre, men det var sjølvsagt utruleg kjekt å få sjansen. Dette er noko eg har venta lenge på, fortel Brautaset.

18-åringen er ein av fleire spelarar fødde i 1998 som har fått sjansen denne sesongen, og sjølv om debuten kom i ein kamp der Hødd tapte, så var det godt for Brautaset å endeleg få sjansen. Og han håpar sjølvsagt på meir speletid utover hausten.

– Det håpar eg, det er jo det eg jobbar for, slår han fast.

Kva kan du tilføre dette Hødd-laget?

– Fart, gjennombrotskraft og ein god venstrefot, både på skot og innlegg. Eg er også framoverretta og jobbar hardt.

Kan du bidra til fleire scoringar?

– Det trur eg absolutt at eg skal klare, seier ungguten.

Håkon Botn Brautaset har scora fire mål på ni kampar for Hødd 2 denne sesongen, i tillegg til to mål på tre cupkampar for G19-laget.