IL Hødd fotball har den siste tida vore på jakt etter ny dagleg leiar. Dette fordi Kari Mette Sundgot har takka ja til ei stilling som økonomisjef i Volda kommune. No ser det ut til at klubben er i ferd med å kome i mål.

– No er vi kome dit at vi sit att med to kandidatar, og vi prøvar å lande dette så snart som råd, fortel styreleiar i IL Hødd Fotball, Håvard Haanes.

Han legg til at sidan det er ferietid, så har ein nokre praktiske utfordringar, og det er difor noko usikkert når ein kan ta den endelege avgjerda.

– Det å få samle både styret og dei to kandidatane er eit lite puslespel, men så snart det lar seg gjere, så kjem vi til å ta ein prat med dei og lande på ein av dei. Om vi får det til før månadsskiftet står att å sjå, men vi er komne så langt at vi har kandidatane som vi ønskjer ei siste runde med, seier Haanes.

Kva kan du seie om kandidatane?

– Det er folk med leiarerfaring, og det er noko vi har vore litt opptekne av. Det er også folk som er relativt robuste. Det er mange som meiner noko om Hødd, og då ikkje berre om A-laget, men om mykje av det som skjer i klubben. Då må ein tole å stå i ein kvardag der det er mange meiningar og mange som meiner noko. Vi har også sett etter nokon som klarar å vere ein lagkaptein også i det administrative. Ein som forstår at vi er avhengige av eit samspel mellom dei tilsette og dei frivillige, seier Haanes.

Han meiner at dei to kandidatane har desse eigenskapane, men seier også at det er snakk om to temmeleg ulike kandidatar. Begge skal vere frå fylket.

Samlar styret

– Eg er veldig glad for at vi har fått to kandidatar der vi er overbeviste om at dei kan gjere ein god jobb. Så no handlar det om å velje ein av dei, og difor ønskjer eg at vi får samla heile styret og tek oss ein prat med dei, slik at vi har ein konsensus.

For det er ikkje berre med spelarar det løner seg å treffe, Hødd må også treffe med valet av dagleg leiar.

– Vi håpar å få det på plass så fort som råd, men dette er kandidatar som vi ønskjer skal jobbe i Hødd i mange år, og om det blir juli eller august før vi tek avgjerda er ikkje så viktig, meiner Haanes.

Den nye daglege leiaren vil etter planen gå inn i stillinga i løpet av hausten.