Norges Friidrettsforbund har måndag offentleggjort sitt uttak til friidretts-VM i London 4. til 13. august.

Friidrettsforbundet har tatt ut 12 utøvarar i troppen til VM, men skriv på sine nettsider at den kan utvidast dersom det kjem invitasjonar frå IAAF.

Karsten Warholm frå Dimna IL er tatt ut til å representere Norge på 400 meter hekk. Han har i utgangspunktet også klart kravet på 400 meter. Under U23-EM i Bydgoszcz prøvde Warholm seg på dobbelen, med både 400 meter og 400 meter hekk. Det enda med sølv og gull til stortalentet, men eit liknande program under senior-VM vil truleg bli for hardt.

Warholm er per dags dato den sjette raskaste mannen i verda på 400 meter hekk så langt i år. Raskast er Kyron McMasters frå dei Dei britiske Jomfruøyene med tida 47,80. Warholm sin norske rekord er på 48,25.

Heile troppen:

Jonathan Quarcoo, FIK Orion – 200 meterKarsten Warholm, Dimna IL – 400 meter hekkFilip Ingebrigtsen, Sandnes IL – 1500 meterJakob Ingebrigtsen, Sandnes IL – 3000 meter hinderSondre Nordstad Moen, SK Vidar – 5000 meterMartin Roe, IL FRI – 10-kampHåvard Haukenes, IL Norna-Salhus – 50 km kappgang

Isabelle Pedersen, IL i BUL – 100 meter hekkAmalie Iuel, IL Tyrving – 400 meter og 400 meter hekkHedda Hynne, Strindheim IL – 800 meterKaroline Bjerkeli Grøvdal, IK Tjalve – 1500 meter og 5000 meterSigrid Borge, Osterøy IL – spyd

For Warholm sin del er det forsøk på 400 meter hekk sundag 6. august. Semifinalane går måndag 7. august, medan ei eventuell finale vil gå onsdag 9. august.