Dei siste dagane har Edel Charlotte Eiken Fosse og dei to andre norske turnjentene trena i ungarske Györ før turnkonkurransen under European Youth Olympic Festival tek til onsdag.

Les også: - Det blir veldig stort!

Då er det klart for mangekamp-kvalifisering. Det er berre dei 24 beste utøvarane i kvalifiseringa som går til mangekampfinalen torsdag. Her kan det berre vere med to utøvarar frå kvar nasjon.

Apparatfinalar går fredag og laurdag.

I tillegg til Eiken Fosse skal også Mari Tideman Kanter og Anne Tingvold (begge frå Holmen Tropp og TF) representere Norge.