Det var ein tydeleg skuffa Hødd-trenar som måtte svare for tapet i Larvik laurdag.

- Det er i periodar tett og jamt. Totalt sett føler eg vi var det beste laget. Vi skapte mest sjansar, og burde scora endå fleire mål. Men vi slepp framleis inn for mange mål. Det er ekstremt unødvendig av oss å sleppe inn enkle baklengsmål, og det er langt frå godt nok, seier Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

Hødd stilte i ein 3-5-2-formasjon mot Fram, noko laget har trena på mykje i det siste, men det kan kanskje ha vist seg litt for risikabelt i møte med eit Fram-lag som svara med å køyre på med mange spelarar i angrep.

- Eg føler ikkje det er systemet som sviktar. Første målet deira kom på ein dødball. Det andre kom etter ei dårleg klarering frå oss. Vi vil sjølvsagt vurdere alt i ettertid, men ein må også tenkje over at vi har få alternativ på backplass no, med fleire backar ute med skade, seier Eid.

Daniel Eid er framleis eit lite stykke unna å vere klar for spel, Vegard Heltne er ute i minst seks veker med eit beinbrot.

Eid fortel at han likevel såg fleire positive ting i dagens kamp.

- Offensivt gjer vi mykje bra, og vi kunne scora mange fleire mål. Det er mange gode tendensar, definitivt. Det er godt at vi scorar mål også i dette oppgjeret, men det er sjølvsagt veldig skuffande at vi slepp inn så mange bakover. Vi er nøydde til å stramme inn i forsvar, seier han og legg til:

- Skuffelsen er stor no, så det er litt vanskeleg å vere konstruktiv. Men vi får ta den lange bussturen til hjelp.

For etter kampen i Larvik laurdag ventar det ein 11 timar lang busstur heim til Ulsteinvik.

Mållaus første førtifem

Med unntak av ein nesten-sjanse for Fram var det lite farleg å spore det første kvarteret i Framparken. Etter 19 minutt fekk Bendik Rise slått inn ein hard markkrypar framfor mål, men ingen var der for å tuppe den i mål. Hødd kara seg også til eit par sjansar til fram til og med 25 minutts spel, mellom anna ved Robin Shroot, som skaut frå distanse.

Etter dette veksla ballen mellom dei to lags mykje, før Hødd tok over det meste av initiativet etter 30-35 minutt. Dette hadde Hødd heilt fram til pausen, og sjølv om Robin Shroot og Didrik Sereba fekk testa Fram-keeperen noko, vart det mållaust til pause.

Berre fire minutt etter kvilen var over og andre omgang var sparka i gang, skulle det bli grunn til stor jubel for heimelaget. For ballen blei slått fint inn i feltet, der Mahmoud Laham fekk stå uhindra og fann ballen med pannebrasken. Han stanga inn 1-0 for heimelaget.

Hødd-magi

Men så, etter 55 minutt, kom den viktige utlikninga. Robin Shroot gjorde alt sjølv. Briten fekk ein ball på 35 meter, gjekk mot mål, og fekk skyte upressa på mål. Ballen går knallhardt i nettet bak Fram-keeperen. Det stod 1-1 i Framparken.

Men, Hødd var ikkje ferdige.

Tre minutt etter denne scoringa varta Bendik Rise opp med eit lite kunststykke. Han banka til frå distanse, og ballen gjekk fint i mål, like nede ved stolperota. Eit flott mål og 1-2.

Mista gløden - og kampen

Så slokna diverre magien for Hødd.

Slurv og feil i forsvarsleddet blei utnytta av Erik Rosland, som tok med seg ballen framover og klinka til. 2-2 etter 67 minutt.

Men det skulle bli verre for Hødd. Nok ein gong var det svake involveringar i Hødd-forsvaret som gjorde at Rosland nok ein gong kunne setje ballen bak Jan-Lennart Urke. Ein medspelar spelte fint inn framfor mål, der Rosland enkelt og greitt kunne tuppe ballen inn til 3-2 etter 76 minutt.

Det blei eit svært spanande siste kvarter av ordinær tid i Framparken, i tillegg til tilleggstida på heile fem minutt. Men, Hødd lukkast ikkje med å finne nettmaskene igjen, og det blei med eit surt tap i Larvik.

Kampfakta

Fram Larvik – Hødd  3-2 (0-0)

Framparken

Dommar: Sulman Hussain, Manglerud Star Fotball

Gule kort: Andreas Drugge (Fram), Eirik Haugan (Hødd)

Mål: Mål: 1-0 Mahmoud Laham (49), 1-1 Robin Shroot (55), 1-2 Bendik Rise (58), 2-2 Erik Rosland (67), 3-2 Rosland (76)

Hødd (3-5-2): Jan-Lennart Urke - Steffen Moltu, Eirik Haugan, Jesper Törnqvist - Preben Sætre (Rahhaoui, 85), Henrik Breimyr (Saunes, 85), Didrik Sereba, Bendik Torset (A. Breimyr, 85), Bendik Rise - Robin Shroot, Robin Hjelmeseth

Innbyte: Ole Monrad Alme, Eirik Saunes, Badr Rahhaoui, Andreas Breimyr, Sveinung Tilseth