Karsten Warholm, med vikinghjelm for anledninga, blei intervjua av NRK rett etter kanonløpet i London. Det var nesten så Dimna IL-utøvaren blei mållaus då han fekk spørsmål på direkten frå NRK.

- Det er heilt sjukt, sa Warholm.

Han takka trenar Leif Olav Alnes, og fleire andre, etter knalløpet. Og han passa sjølvsagt også på å helse heim til alle i Ulsteinvik.

- De er heilt fantastiske. Eg elskar dykk!

Helsinga blei møtt med vill jubel frå 400 frammøtte i salen på Sjøborg kulturhus, der Vikebladet Vestposten var til stades. Sjå eiga sak om litt.

Rørt trenar

Andreas Thorkildsen, som har vore med og trena Karsten, blei også intervjua av NRK. Det var ein rørt OL-meister som skulle beskrive prestasjonen til Warholm.

- Han går ut hardt, og så parkerer han alle. (...) Eg stod der berre og tenkte, kva skjer? Eg venta berre på at nokon skulle ta han, men nei, seier Thorkildsen til NRK.