Frå og med fredag til søndag er fleire Dimna IL-utøvarar i aksjon under junior-NM i Harstad. I tillegg til Jonas André Ose reiser Toralv Opsal, Fride Møller Flatin, Alice Ulla Berg, Anna Kleven, Nicolas Masters, Hallbjørn Hasund Thorseth og Sture Måseide.

- Det er fleire av desse som er klare medaljekandidatar under junior-NM, og eg har trua på at vi får fleire medaljar i dette meisterskapet, seier klubbtrenar Arve Hatløy.

Han har spesielt trua på Toralv Opsal og Fride Møller Flatin.

- Eg trur Toralv er kanskje den største kandidaten til å ta fleire medaljar i Harstad. Normalt sett tek han medalje i lengde. Men, han skal også springe 400 meter hekk. Eg trur han vil vere ein av medaljekandidatane der. I kule tek han også medalje trur eg.

- I tillegg er Fride i særs god form no, og skal nok kunne ta gull i kappgang, seier han.

Ikkje junior-NM på verdsmeisteren

Torsdag ettermiddag, etter ein seanse med feiring av Karsten Warholm på rådhuset i Ulsteinvik, reiste gjengen mot nord.

Den ferske verdsmeisteren på 400 meter hekk deltek forståeleg nok ikkje i Harstad.

- Det blir for tett på for Karsten. Han kunne sjølvsagt vore med, for han er framleis i junioralder. Men han skal nok heller konsentrere seg om Diamond League i Zürich og senior-NM i Sandnes i slutten av månaden, seier Arve Hatløy.

- Med for å lære

Jonas André Ose er nok eit stortalent flaska opp i Dimna IL, og er ein utøvar det blir snakka mykje om i friidretts-Norge for tida. Han er også med til Harstad, men er i følgje trenaren med, først og fremst for å lære.

- Han er nok litt for ung for å kunne kome høgt opp i dette selskapet, men han vil lære veldig mykje, seier Arve Hatløy.

Talentet sjølv fortel at han blei veldig rørt og inspirert av monsterløpet til klubbkamerat Karsten Warholm i London, og at det inspirerer han til å gjere det beste ut av junior-NM i Harstad.

- Heilt klart! Eg ser veldig opp til han. Eg er med for å lære. Eg vil sjølvsagt prøve å gjere mitt beste, og har som mål å komme meg ned mot personleg rekord, seier Ose.

15-åringen stiller til start både på 100 og 200 meter.

- Held planane for meg sjølv

Ose fortel at han måtte felle nokre tårer der han sat saman med 400 andre frammøtte på Sjøborg kulturhus torsdag kveld, og såg Karsten ta VM-gull.

- Når du ser kva ein frå Dimna IL kan gjere på verdsnivå, er det nesten slik du vil prøve å overraske alle i junior-NM?

- Eg har nokre tankar om kva eg vil få til, men dei planane held eg for meg sjølv, seier Jonas André Ose og flirer.