NPK-NTB-Egil Sæther

Torsdag møtte han pressa på eit arrangement der Det europeiske friidrettsforbundet (EA) promoterte neste års EM i Berlin.

Den ferske verdsmeisteren spring nok 400 meter hekk der også. Men på vegen kan det hende han testar ut litt av kvart.

– Det å springe andre distansar vil vere nærliggjande. Når ein spring på slike stadion som dette, så kan ein ikkje produsere noregsrekord på noregsrekord heile tida. Det blir verre og verre når vi snakkar om slike settingar. Det gjeld å finne distansar og andre ting eg kan gjere som på ein måte er med på å byggje opp til slike høve. Eg skal nok finne på eit eller anna.

Lengde?

Som tidlegare mangekjempar er det mange øvingar Warholm kunne ha konkurrert i. Han er god i veldig mykje.

– Ser du for deg å spesialisere deg endå meir mot langhekken, eller skal du fortsette på det allsidige sporet?

– Eg trur det er lurt å halde seg allsidig. Det handlar om mange timar og mykje tid, og variert trening er veldig gøy. Det er ikkje godt å seie kor mange øvingar eg kjem til å halde på med på si, men det blir nok 400 meter hekk som er greia framover.

– Er det aktuelt å halde på med noko som ikkje er løp?

– Eg har tenkt litt på at eg bør hoppe litt lengde, men det blir i så fall berre på gøy.

Det er ikkje lenge sidan at svara var heilt andre enn dette.

– Eg sa jo at eg skulle fortsette med mangekamp, men eg får berre tole at eg blir litt hyklersk.

Zürich

Det neste på programmet hans er Diamond League-stemnet i Zürich 24. august.

– Korleis ser du for deg konkurranseprogrammet framover?

– Det neste er Zürich. Det må eg nesten bli med på. Det er finale i Diamond League. Det beste hadde vore å legge opp etter ein sånn bragd, men det beste er nok å fortsette med å ha det gøy med dette. Zürich kan bli bra, og det er nok spesielt éin hemnlysten amerikanar som møter opp der, Og så blir det sjølvsagt NM. Det må eg få med. Deretter blir det litt fri. I NM blir det truleg både 400 meter flatt og 400 meter hekk.

Verdsrekord

– Friidrett handlar mykje om tider og rekordar. Kor sannsynleg er det å ta verdsrekorden til Kevin Young ein gong i framtida?

– Eg veit ikkje. Vi må berre fortsette å jobbe med det. Det blir kanskje litt dumt å begynne å snakke om det no. Sånn som det var i går, så var det viktigaste medalje, og så får vi sjå kva tida bringar. No har eg begynt å komme litt oppe der i alle fall, og så får vi sjå kor langt ned på tidtabellen eg kan komme.

– Du har snakka lenge om at det tar tid å bli god på 400 meter hekk, men no er du verdsmeister i ein alder av 21 år. Kor god kan du då bli?

– No var det ikkje slik at eg begynte med friidrett for to år sidan. Eg hadde eit grunnlag der. Springing var ikkje nytt for meg då eg starta med 400 meter hekk. Der må eg gi litt av «kredden» til Leif som har vore med på å snu det her i dei to siste åra. Det han har gjort er halvvegs magisk.

Fredag kjem verdsmeisteren heim til Noreg igjen etter nokre mildt sagt magiske dagar i London også.

(©NPK)