Etter ei tøff tid i Elverum første halvdel av 2017-sesongen, var det nok ein ganske letta Robin Hjelmeseth som fekk reise heim til Ulsteinvik, klar for å spele fotball for Hødd igjen.

– Eg ønskjer ikkje å gå i detalj kring kva som skjedde i Elverum, men at det var ting som skjedde som eg ikkje likte spesielt godt, det er heilt sikkert.

I avisa Østlendingen, som mellom anna dekkjer Elverum-området, gjekk Hjelmeseth ut og fortalde at det hadde vore eit «drithalvår».

– Det handlar om ting som ikkje skal stå i media, rett og slett. Eg har ingen kommentar, sa han til avisa då han blei bedt om å utdjupe.

– Under pari

Hjelmeseth kjem heim til eit Hødd-lag som slit med å plukke poeng. 18 poeng på 15 serierundar og ein 8.-plass er ikkje godt nok, meiner han.

– Nei, det er mildt sagt under pari. Det har vore dårlegare enn eg hadde håpa det skulle vere. Eg har følgt med på Hødd i år, og har vore ganske så forskrekka over det laget har fått ut av kampane så langt, spesielt nokre ganske stygge heimetap, seier Hjelmeseth og legg til:

– Men, ein må ikkje gløyme at Hødd i år nesten er som eit nytt lag. Mange unge spelarar, som treng tid til å kome seg skikkeleg inn i laget. Difor vil prestasjonane også variere. Det er sjølvsagt alltid slik med Hødd at omgjevnadane skaper høge forventningar for kva laget kan prestere. Det er noko nytt som blir skapt no, og då må ein forvente at det svingar. Men ikkje så mykje som det har gjort, sjølvsagt, og det må vi få gjort noko med.

– Har vakse opp

Det blei ikkje all verda med speletid på Hjelmeseth sist gong han var i A-stallen til Hødd. Då Robin forlét Hødd for to år sidan var det ikkje utan å uttrykke kva han meinte om situasjonen først.

– Eg var rett og slett ganske forbanna, fordi eg nesten ikkje fekk spele. Men no har eg vore ute og opplevd litt av kvart, og har vakse meir opp. Eg er tilbake i Hødd for å spele og prestere, men først og fremst for å hjelpe laget.

Han fortel at trenar Sindre Eid ikkje har gitt han nokon garantiar om speletid, men håpar at det blir mange minutt på bana.

– Slike garantiar får ein aldri i fotball, og slik skal det vere. Ein må gjere seg fortent til ein plass i startellevaren. Men det er klart, eg hadde ikkje reist heim til Ulsteinvik hadde eg ikkje fått gode signal, seier han.

Ein bra gjeng

Han spelte frå start i tapet mot Fram Larvik sist helg, men er ikkje i tvil om at Hødd kan betre seg i haustsesongen.

– Vi har eit lag med nok av kvalitetar. Ein bra gjeng med gode spelarar, som ønskjer å prestere. Forhåpentlegvis kan eg bidra med målpoeng.

Søndag er det ny kamp for Hødd, når Bryne kjem til Høddvoll.

Sjå videointervju i toppen av saka.

Video/klipp: Ragnhild Vartdal.

Robin Hjelmeseth er tilbake på Høddvoll etter to sesongar i Elverum. Spelaren, som blei toppscorar for Elverum i fjor, håper han kan bidra med mange målpoeng for Hødd, noko som kan bli svært viktig utover hausten. – Eg trur vi kan snu situasjonen i haust. Eg håper i alle fall at eg kan bidra med målpoeng, seier Hjelmeseth til Vikebladet Vestposten. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Robin Hjelmeseth er klar for spel for Hødd. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.