- Eg er dritskuffa. På same måte som eg var dritskuffa førre helg. Same resultat blei det då også, sa Robin til Vikebladet Vestposten like etter kampslutt.

Det blei til slutt 2-3 mot serieleiar Bryne på Høddvoll, i ein kamp som inneheldt det meste. Også for den nøytrale tilskodar var nok oppgjeret av det svært spanande slaget.

Kaptein Jesper Törnqvist blei i tillegg vist av bana etter å ha fått to gule kort.

- Det er ikkje godt nok det vi held på med, seier Robin Hjelmeseth og legg til:

- Vi speler veldig bra, og vi scorar to mål. Noko vi også gjorde i førre kamp. Men bakover slit vi, rett og slett. Det er stort sett dei same tinga som skjer.

- Klarer ikkje

Robin scora også eit mål i kampen mot Bryne, men målet blei raskt gløymt då det blei klart at Hødd skulle tape dette oppgjeret.

- Det er sjølvsagt godt å score, men eg klarer rett og slett ikkje glede meg over det. Målet betyr fint lite no.

Lite nøgd med dommaren

Hjelmeseth var ikkje spesielt imponert over eige lag i periodar, men heller ikkje over prestasjonen til dommar Svein Tore Sinnes.

- Det kjennest nesten ut som at dommaren hadde bestemt seg i denne kampen. Bestemt seg for å markere seg, til dømes på straffa vi fekk i mot oss. Det er dumt å gi dommaren sjansen til å gi straffe, det må vi vere smarte nok til å unngå. Men nok ein gong skjer det ting som gjer at vi taper kampen. Dette er ikkje godt nok, seier Hjelmeseth.

Han var ikkje spesielt imponert over motstandarlaget heller.

- Bryne er berre kynisme og rutine. Men, det fungerer for dei, seier Hjelmeseth.

- Må vere gode saman

Bendik Rise er på lik linje med Robin Hjelmeseth forferda over at Hødd nok ein gang slepp inn enkle mål.

- Dei har ikkje mange sjansane, men dei sjansane dei får, scorar dei på. Vi er for dårlege på dødballar i mot, noko vi ser i dag. Vi slepp inn to mål på dødballar vi skal ha kontroll på. To mål skal normalt sett halde for å vinne ein fotballkamp, men når vi får heile tre i mot, blir det svært, svært vanskeleg, seier Rise og skyt inn:

- Vi må vere gode saman, og stramme til bakover.