Laurdag er det klart for den 27. utgåva av Nordvest maraton. Denne veka har arrangørane gjort dei siste førebuingane før løpet, og tysdag kveld møttest delar av styret for eit siste planleggingsmøte før det dei sjølve kallar årets store happening for dei løpeglade på søre Sunnmøre.

Arrangørane lovar at ein er godt i rute framom laurdagens storhending, der Maraton-general Vidar Vollsæter kan avsløre at det også blir utanlandsk deltaking til årets løp.

- Hovudtyngda av deltakarane blir nok lokale. Det er venta fleire enn vanleg frå Hareid og Ulstein, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Dei peikar på at det mellom anna er nokre unge fotballspelarar som har teke utfordringa og som skal delta på halvmaraton, men slår også fast at det framleis er mogleg å melde seg på, uansett om ein driv med fotball, andre idrettar, eller berre er vanlege mosjonistar.

Og kanskje er det nokon som kan blande seg inn på topplistene over dei raskaste lokale deltakarane på Nordvest maraton?

Det er Helge Hafsås frå Olden som har beste tid nokosinne på heilmaraton med 2.33,03. Av dei lokale er det Joar Moldskred som har beste tid med 2.55,34, medan Therese Falk er raskast av dei lokale kvinnelege deltakarane (sjå faktaboks).

For å få Nordvest maraton til å gå rundt er det mange frivillige som skal i sving. Det blir dermed både drikkestasjonar, speakerteneste på stadion og deltakarpremie til alle som stiller.

Så no håpar Nordvest maraton på at folk kjem seg ned frå gjerdet i tide og får på seg joggeskorne til laurdag.