Måndag ettermiddag møter Hødd Odd 2 på Skagerak Arena. Deretter ventar Fana heime på Høddvoll. Begge laga vakar under nedrykksstreken på noverande tidspunkt, men avstanden opp til Hødd er ikkje lenger enn den bør vere. Difor blir dette to svært viktige kampar for Sindre Eid og hans mannskap.

– Det er klart at kampen mot Odd 2 på måndag blir ekstremt viktig for oss. Vi har eit veldig behov for ein siger, slik at vi får sjølvtillit inn i gruppa. På mange måtar gjorde vi ein god kamp mot Bryne sist, men vi må sørge for at vi spelar gode kampar, men også for å ta med oss tre poeng.

Eid meiner Hødd treng ei god oppleving borte mot Odd sitt andrelag.

– Vi må få kjenne på opplevinga av å vinne igjen.

Slepp til lite, men det blir for mange mål

Hødd står med tre strake tap, og på dei kampane har det blitt åtte baklengsmål. Mot Bryne var det likevel ein del positive teikn i Hødd sitt spel. Laget sleppte heller ikkje til spesielt mykje bakover, men det vart likevel tre mål i sekken. Mot Odd 2 må Hødd gjere ei endring i forsvaret sidan kaptein Törnqvist er suspendert, men det blir neppe dei store endringane bakover.

– Vi har snakka litt om det. Eigentleg så slepper vi Bryne lite til, dei har få målsjansar, men dei Bryne får blir nok til å score tre mål. Det kjenneteiknar eit lag i motgang, at ein slepper inn enkle og unødvendige mål. Vi håpar at vi klarar å bikke marginane vår veg.

Truleg vil Hødd halde fram med ei trebackslinje også mot Odd 2, sjølv om ein midtstoppar er ute.

– I utgangspunktet gjer vi nok det. Vi synest det har fungert bra og at vi slepper til motstandar lite. Det går ikkje på systemet når vi slepper inn dødballmål.

Nokre manglar framleis

I tillegg til at Törnqvist manglar til denne kampen må også Eid klare seg utan Vegard Heltne og Martin Mork Breivik. Begge er skadde. Magnus Myklebust er på veg tilbake frå skade, og har trena godt dei siste vekene. Ifølgje Eid har også Andreas Breimyr vore sjuk denne veka, og har difor ikkje trent for fullt.

Odd 2 er det einaste andrelaget i Hødd si avdeling. Tidleg i sesongen tapte laget seks av sju kampar, men det har blitt betre poengfangst utover i sesongen. No står likevel Odd 2 utan siger på dei sju siste kampane, og Hødd bør difor vere favorittar. Det kan samstundes vere litt vanskeleg å vite kva lag dei stiller på Skagerak Arena.

– Det vi veit er at dei kjem i 4-3-3. Det gjer både A-laget og andrelaget. Begge laga prøvar også å spele på same måten. Eg har ein mistanke om at Odd ønskjer å berge plassen, og då kan dei plutseleg kome med eit sterkare lag enn tidlegare. Det er slikt som vi ikkje får gjort noko med, og vi får heller bruke det som motivasjon dersom dei stiller med fleire Eliteseriespelarar mot oss, seier Eid.

Vi følgjer kampen her på Vikebladet.no.