Onsdag kveld er det duka for naboduell på Hasundgot stadion, der heimelaget er vertar for Hareid 2. Det er ikkje langt mellom laga geografisk, og for tida er dei også naboar på tabellen i 6.-divisjon avdeling 2. Hareid 2 har plukka med seg 21 poeng og har femteplassen i avdelinga, medan Hasundgot er plassen bak med 19 etter dei første 12 seriekampane.

Hareid 2 opna haustsesongen med å slå Åheim/Stadt, før det blei tap borte mot Vartdal sist runde. Då tok Hasundgot tre poeng borte mot Bergsøy 2. Der var det Bergsøy som tok leiinga, før Bergsøy scora tre mål i løpet av kort tid i den andre omgangen. Ruben Muren avgjorde for Hasundgot kort tid før slutt.

Laga spelte uavgjort i tredje serierunde, i ein kamp på Hareidsmyrane stadion. Då vart det 1-1, etter scoringar frå Venthan Ketheeswaran og Ruben Muren. I tillegg til dei to måla vart det også to raude kort i sluttminutta, og det er ikkje utenkeleg at det blir litt tenning også i kveld.

Hødd 3 er tredje laget frå Ulstein og Hareid i denne avdelinga. Dei spelar onsdag bortekamp mot Åheim/Stadt.