Hødd var onsdag kveld på bortetur til Haram for å møte Ravn. Begge lag er blant dei fem første i avdelinga, og med i kampen om opprykk før innspurten. Kampen har på førehand vore omtalt som ein nøkkelkamp for Hødd, og ein det var viktig å ikkje tape.

Hødd fekk ein veldig god start på kampen, då Anna Nygård Thunem sende bortelaget i føringa på ein corner allereie etter fire minutt.

Dei blåkvite spelte ingen stor bortekamp mot Ravn, men heldt på leiinga heilt til det berre var sju minutt igjen av ordinær tid. Då kom utlikninga og laga enda med å dele poenga.

Det betyr at Hødd framleis ligg på ein andreplass i avdelinga - no med like mange poeng som Herd 2 på førsteplassen. Samstundes er det Hødd som har spelt flest kampar av laga i toppen, og det er dermed veldig ope.

Kjempar om kvalifisering

Frå denne avdelinga vil eitt lag gå til kvalifisering om opprykk. I kvalifiseringa vil ein møte eit lag frå Nordmøre og Romsdal - også det ei heilt opa avdelinga på noverande tidspunkt. Vinnaren av kvalifiseringa rykker opp til 2.-divisjon.

Herd 2 toppar Hødd si avdeling på noverande tidspunkt. Vikebladet Vestposten har fått stadfesta frå Sunnmøre Fotballkrets at dette laget ikkje kan rykke opp, sidan Herd sitt førstelag spelar i 2.-divisjon. Dermed står kampen om kvalifiseringsplassen mellom Hødd, Blindheim, FK Sykkylven og Ravn.  På papiret har nok Hødd det enklaste programmet i innspurten, men som nemnt har Hødd også fleire kampar spelt enn laga som jagar bakfrå. Det går dermed mot ei spanande avslutning på sesongen i 3.-divisjon.

Slik avsluttar laga sesongen:

Hødd:

Volda 2 (H)

FK Sykkylven (H)

Brattvåg (b)

Blindheim:

Herd 2 (b)

HaNo (b)

Ravn (H)

Volda 2 (b)

FK Sykkylven:

Ravn (H)

Volda 2 (b)

HaNo (b)

Hødd (b)

Ravn:

FK Sykkylven (b)

Brattvåg (H)

Herd 2 (b)

Blindheim (b)

HaNo (h)

Tabellen (Pos, lag, kampar, poeng):

1. Herd 2 - 10 - 22

2. Hødd - 11 - 22

3. Blindheim - 10 - 21

4. FK Sykkylven - 10 - 18

5. Ravn - 9 - 17

6. HaNo - 9 - 5

7. Volda 2 - 9 - 4

8. Brattvåg - 10 - 4