Tysdag kveld tok Hødd imot Volda 2 til dei blåkvite sin tredje siste kamp for sesongen. Hødd er med heilt i toppen, medan Volda 2 er eitt av laga i botnen av tabellen.

Hødd fekk også første sjansen på Høddvoll, då Marte Aarsand Vik heldt på å sende heimelaget i føringa allereie etter tre minutt. Ho sende i veg eit skot frå 18 meter, og medan keeper trudde ballen skulle gå over trefte ho i staden tverrliggjaren.

Volda 2 var også nære i starten og heldt på å ta leiinga etter ein corner, men Hødd fekk klarert på streken.

Elles skjedde det temmeleg lite i den første omgangen. Heilt fram til det 35. minuttet då Maja Østervold sende i veg eit kjempeskot frå minst 25 meter. Det fauk inn i lengste hjørnet og bortelaget tok leiinga.

Hødd heldt på å utlikne før pause, då Anna Nygård Thunem fekk stå heilt åleine etter ein corner, men headinga frå sju meter gjekk utanfor målet.

Dermed måtte Hødd jage etter kvilen og Hødd var nære på å få ei perfekt opning på den andre omgangen. Fleire av spelarane hadde gode moglegheiter til å skyte, men til slutt var det Cecilia Bakke som prøvde seg og som sende i veg eit skudd som gjekk om lag ein meter over mål.

58  minutt ut i kampen fekk Hødd endeleg utteljing. Ei flott pasning vart slått ut til Marte Aarsand Vik. Ho gjorde deretter alt sjølv, tok med seg ballen forbi eit par spelarar før ho banka den opp i lengste hjørnet frå spiss vinkel.

Hødd heldt fram med å angripe for å prøve å sikre alle poenga, men gav også frå seg nokre store kontringsmoglegheiter. Volda 2 var fleire gongar nære ved å kome åleine med keeper, men Hødd fekk rydda opp.

Volda 2 var svært nære scoring og hadde eit skot i stolpen, men utan å få det avgjerandemålet. I staden var det heimelaget som kunne juble få sekund før full tid. Anna Nygård Thunem fekk servert ballen i 16-meteren og sette inn det som kan verte ei svært viktig scoring for Hødd. Den heldt til tre poeng på Høddvoll og Hødd har dermed alle sjansar framleis.

Totalt sett vil nok Volda 2 meine at dei hadde fortent å få med seg minst eitt poeng frå Høddvoll, og med både stolpeskudd og nokre store kontringssjansar så hadde det ikkje vore noko å seie på at bortelaget kunne fått med seg ei scoring til. Slik blei det likevel ikkje, og dermed er presset på Blindheim IL før deira bortekamp mot Herd 2, og på FK Sykkylven og Ravn som møtest på Ikornnes onsdag. Tysdag kveld er det nemleg Hødd som toppar 3.-divisjon.