Hødd-trenar Sindre Eid meiner Hødd spelte nok ein god kamp, sjølv om det blei med det eine poenget, etter ei god opphenting av Hødd.

- Vi styrer det meste i 90 minutt. Vi skaper mest, har ballen mest, og produserer mange fine angrep, seier Sindre Eid.

Det einaste som mangla var eit mål til, og kanskje helst fleire.

- Klart det. Vi skulle hatt tre poeng etter ein slik jobb, og etter å ha styrt kampen. Det hadde vi fortent.

Eid meiner Notodden scora på den sjansen dei fekk i første omgang, men at Hødd hadde ballen klart mest.

- Dei ligg lågt i banen, og vi finn ikkje heilt dei opningane vi treng. Det blir litt nesten med oss. I pausen snakka vi difor mykje om å utnytte overgangane våre i større grad, tidleg. Så får dei 0-2 før vi rekk å setje oss på benken, seier Eid.

- Følte at eg måtte score

For berre 30-40 sekund etter at dommaren blas i gong andre omgang var det ein kjenning som presenterte seg på Høddvoll. I vår spelte nemleg Amani Mbedule for dei blåkvite, på lån frå Sarpsborg 08. No er Notodden den nye arbeidsgjevaren for den kjappe spissen. Då lagkamerat Martin Holmen måtte byttast ut allereie etter halvtimen av kampen kom Amani inn. Men det var det han som sagt gjorde like etter kvilen som fekk heimepublikummet til å gispe.

Notodden straffa nemleg eit sovande Hødd-forsvar hardt. Aman Mbedule tok sats og sette inn 0-2 frå kanten på sekstenmeteren.

- Det er alltid kjekt å score mål, seier Amani Mbedule til Vikebladet Vestposten.

Han legg ikkje skjul på at det var litt rart, med tanke på at han aksla den blåkvite drakta så seint som for nokre få månadar sidan, men at tankane no går på hans vidare karriere i Notodden.

- Hødd er ein klubb eg likar veldig godt. Berre så synd at det ikkje fungerte heilt, seier han og legg smilande til:

- Det blir alltid litt rart å score mot gamle lagkameratar, men vi kjempar om opprykk, og eg følte at eg måtte.

Imponerande opphenting

Etter 0-2 kom var det berre å halde på tanken etter garderobepraten. Og det fungerte. For berre eitt minutt etter Amani si scoring, slo Hødd tilbake. Hødd fekk frispark i god posisjon, og Bendik Rise banka til rett mot mål. Frå der han stod på rundt 25 meters avstand, gjekk ballen over muren og motstandarane, og forbi ein forfjamsa keeper i Notodden-målet. Midt på mål, og noko keeper truleg burde tatt, men like fullt 1-2 på Høddvoll.

Hødd heldt fram med å trykkje Notodden bakover, og etter 62 minutt sat ballen i nettet igjen. Didrik Sereba blei glimrande spelt gjennom av Bendik Rise. Sereba la inn i feltet rett framfor mål, der Robin Shroot enkelt kunne dytte ballen i mål frå rundt ein halvmeter.

- Etter 1-2 køyrer vi kampen i større grad, og med 2-2 har vi lukkast med å hente dei att. Å hente dei etter å ha vore to mål under er ein god prestasjon mot eit av topplaga. Vi føler likevel at vi skulle klart tre poeng i denne kampen, og at vi skulle plukka fleire poeng generelt i dei siste kampane vi har spelt, seier Sindre Eid.

Hødd-trenaren meiner laget no liknar på eit lag som kan kjempe om topplasseringar, og at han trur på fleire poeng før sesongen er over.

- Vi skal halde fram med det vi gjer, og ha trua på det, seier Eid avslutningsvis.

Kampfakta

Hødd - Notodden 2-2 (0-1)

Høddvoll

Tilskodarar: 1.207 (inkludert sesongkort)

Dommar: Haakon Magan, Ål IL

Gule kort: Nils Johansson, André Bakke (Notodden)

Mål: 0-1 Erlend Hustad (12), 0-2 Amani Mbedule (46), 1-2 Bendik Rise (47), 2-2 Robin Shroot (62)

Hødd (3-5-2): Ole-Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu - Daniel Eid, Bendik Rise, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Didrik Sereba - Robin Shroot, Robin Hjelmeseth

Innbyte: Sivert Pieroth, Jesper Törnqvist, Preben Sætre, Magnus Myklebust, Badr Rahhaoui, Eirik Saunes, Andreas Breimyr