- Trass i litt kaldt vêr så blei det fleire gode resultat, seier klubbtrenar Arve Hatløy til Vikebladet Vestposten.

Gullfangsten blei stor for Dimna søndag. Kornelia Roppen køyrde på med eit flott høgdehopp som tok ho over 1,45 meter, og som var meir enn nok til ei gullmedalje. Oline Rise Kvalen banka til med 28,19 meter i spydkonkurransen, og tok gull ho også.

Den edlaste valøren blei det også for Synne Håheim og Anna Kleven, som tok full på høvesvis 800 meter (2.34,15) og tresteg (10,39 meter).

Alle jentene som tok gull er 15 år gamle, medan gutane som klarte det same, Sture Måseide og Iver Moldskred, er 17 år.

Måseide sprang ein god 200 meter, og kom i mål på tida 23,74, som heldt til gull. Iver Moldskred på si side kasta spydet 45,80 meter, og tok gull i denne øvinga i si aldersklasse.

Les også: Første dag av Midt-Norsk Mesterskap: Gull til fleire Dimna-utøvarar

Fleire sølv og bronse

Det vart også fleire sølv- og bronsemedaljar på Dimna IL søndag. 17-åringen Jakob Fjørtoft tok sølv på 200 meter, Anna Kleven gjorde det same på same distansen (27,63), men ho tok også sølv på 300 meter hekk på tida 47,82.

Mats Fredriksen sprang i mål på tida 2.14,11, som heldt til ein bronsemedalje på 800 meter. Kornelia Roppen, som tok gull i høgde, tok ein bronsemedalje på tida 49,54.

16-åringen Svenning Veiseth var også med under Midt-Norsk Mesterskap, og han representerer Hareid IL. Han tok bronsemedaljen i spydkonkurransen, med eit kast på heile 50,23 meter, i tillegg til sølv i lengdekonkurransen (5,11 meter) og sølv i diskos (27,22 meter).