Dimna IL har med to utøvarar på rekrutteringslandslag framom 2018-sesongen. Torsdag vart uttaka i gruppene sprint og hekk, mangekamp og hopp, kast og Holta Runners mellom- og langdistanse og kappgang for sesongen 2018 publisert på friidrettsforbundet sine nettsider.

Dette gjeld utøvarar i alderen 16 til 22 år.

Toralv Opsal, saman med trenar Arve Hatløy, er ein av dei prioriterte utøvarane på rekrutteringslandslaget i mangekamp og hopp. Også Sigrid Kleive frå Ålesund FIK er tatt ut til rekrutteringslandslaget i denne kategorien.

I gruppa for "Holta Runners", med mellom- og langdistanse, samt kappgang, er Fride Møller Flatin ei av fem utøvarar tatt ut til rekrutteringslandslaget.

Målet med desse rekrutteringslandslaga er ifølgje friidrettsforbundet at ein ønskjer til å bidra til å skape flest mogleg potensielle finale- og medaljekandidatar i seniorklassen.

Toralv Opsal er ein av to prioriterte utøvarar på rekrutteringslandslaget i mangekamp.