Bendik Torset sette inn sitt tredje mål for sesongen (to i serie og eitt i cup) i 3-0 sigeren over Vidar og er dermed inne i sin mest målrike sesong i Hødd sidan 2011.

- Det stemmer! Det er kjekt. Vi gjer ein veldig solid førsteomgang. Vi klarar å finne romma og er rolege med ballen og skapar sjansar. I den andre omgangen står dei høgt på oss, vi blir kanskje litt stressa, men får 3-0 målet og då er vi der.

Viktig scoring

Torset stod for den viktige 2-0 scoringa. Målet kom berre fem minutt før pause, og sikra at Hødd kunne gå til kvilen med ein god dose sjølvtillit.

Midtbanespelaren fekk ballen på høgresida, storma mot mål og sette den i lengste hjørnet frå skrått hald.

- Eg kom ein-mot-ein og tenkte at eg måtte bruke fart for å kome forbi. Eg tenkte avslutning når eg fekk ballen og er veldig "happy" med korleis det gjekk, fortel Torset.

Mot Vidar lukkast Hødd både offensivt og defensivt, og spesielt det siste har vore ei utfordring. For sjølv om forsvarsspelet har blitt betre, så har det blitt nokre baklengsmål.

- Det er noko vi har tenkt på. Eg synest vi har vore bra defensivt mange kampar, men motstandar har ofte vore effektive mot oss. Det gjorde veldig godt å få den nullen i dag. Vi byggjer mot neste sesong og då må vi ha ein bra følelse inn mot det.

- Steinbra

Trenar Sindre Eid var svært fornøgd med det spelarane hans leverte på den vanskelege grasbana på Lassa.

- Når utgangspunktet var at vi møtte eit lag som hadde vunne fire strake, mellom anna mot Bryne borte, og vi spelar på ei bane som ikkje tillet så mykje finfotball, så leverer vi ein steinbra førsteomgang. Det blir litt meir stillingskrig i den andre, der dei slår mykje langt og det blir mykje duellar, men vi spelar ein kjempesolid bortekamp og det er kjekt.

Gir vekk lite

Etter pausen vart det mindre rytme på det Hødd heldt på med, mot eit heimelag som ikkje hadde anna val enn å kaste folk i angrep, men Hødd heldt kontrollen på kampen og var aldri spesielt truga.

- Vi gir vekk veldig lite bakover og det var ein veldig godt gjennomført bortekamp. Eg er stolt av laget. Vi har seks kampar utan tap, og no må vi berre innstille oss på å ta dei siste fire også, slik at vi kan legge eit godt grunnlag for neste år.

Hødd var veldig nære å score eit fjerde mål også, og det skapte jamt over meir enn heimelaget. Hødd-spelarane fekk ofte mykje rom inne på Vidar sin halvdel, og det var ikkje overraskande for Eid.

- Nei, vi var godt budde på det. Vi visste kvar vi skulle finne romma og fann dei endå betre etter pause når dei måtte fram.

Og i dag klarte Hødd å utnytte det.

- Det gjorde vi, og det er viktig det også.