Vindbjart reiser heilt sikkert til Høddvoll med ambisjonar om å ta tre poeng. Laget frå Vennesla ligg før kampen på 11.-plass i 2. divisjon avdeling 2, med 21 poeng på 22 kampar. Med det har dei to poengs margin ned til Odd 2 som er øvste lag på nedrykksplass.

Hødd har etter 22 serierundar samla 30 poeng, og ligg på 8.-plass før Vindbjart-kampen. Dei seks siste kampane har Hødd gått ut av utan eitt einaste tap. Det ønskjer trenar Sindre Eid Hødd skal fortsetje med.

– Vindbjart er eit interessant lag. Dei kjempar for vidare spel i divisjonen, og med mange spelarar som er gode til å halde på ballen, skal vi nok få ei utfordring på søndag. Men eg vil likevel påstå at vi bør vere favorittar i denne kampen, seier Eid.

Liknar Follo

Vikebladet Vestposten møter Eid i det han analyserer Vindbjart, og trenaren meiner laget frå sør liknar litt på snart nedlagde Follo FK, som under tidlegare Hødd-trenar ofte blei kalla for «Follolona».

– Dei er litt «ekle» om dei får ha ballen mykje. Dei har også ein god spiss i divisjonen sin toppscorar Øyvind Gausdal, seier Sindre Eid.

Gausdal skal Hødd verkeleg passe seg for, for den 192 centimeter høge angriparen, som er mestscorande for Vindbjart gjennom tidene, har heile 18 mål hittil denne sesongen.

– Dei er verkeleg ikkje ufarlege. Men, med det sagt, om vi klarer å hente fram det vi har vist i det siste, så er eg trygg på at dette skal gå bra, seier Eid.

Ønskjer å avslutte godt

Eid er klar på at Hødd skal gjere det dei kan for å vinne dei resterande kampane. Hødd har no igjen nemnde Vindbjart førstkomande søndag, Byåsen på bortebane 8. oktober, Hønefoss heime 14. oktober og til slutt Egersunds 21. oktober.

– Vi ønskjer heilt klart å avslutte sesongen godt. Vi skal fullføre på ein skikkeleg måte. Alle kampane er viktige, men det er klart, heimekampane blir ekstra viktige. Vi ønskjer å prestere framfor heimepublikummet vårt, seier Sindre Eid.

Kampen mot Vindbjart i juni enda til slutt 2–2 i Vennesla, etter ei opphenting frå Hødd. Dette trass i at dåverande Hødd-keeper Jan-Lennart Urke blei utvist.