- Vi gjer det vanskeleg for oss sjølve med å kome under, slik at vi måtte jage. Eg sit likevel igjen med eit intrykk av at vi var det beste laget og at vi skapte mest målsjansar. Dette er ein kamp vi skal vinne, men det vil seg likesom ikkje heilt, fortel trenar Sindre Eid etter Hødd sin 1-1 kamp borte mot Byåsen.

Han meiner Hødd mangla litt kvalitet på siste tredjedelen. Ofte blei det for mykje trilling på tvers, utan at Hødd fann dei rette opningane i Byåsen-forsvaret.

- Det forventa vi. Byåsen ligg veldig lavt i 4-5-1 og då må vi prøve å bearbeide slik at vi finn romma, men vi fekk ikkje nok tempo og kvalitet i balltrillinga vår til å bryte gjennom. Vi har likevel nokre nye spelarar inne i dag og det blir litt nye relasjonar, og dermed er det naturleg at ikkje alt fungerer frå dag 1.

Eid legg likevel ikkje skjul på at eitt poeng på to kampar mot botnlaget i avdelinga ikkje er godt nok.

- Det er ikkje vi fornøgde med. Sjølvsagt ikkje. Poeng borte er greitt nok, men tapet heime svir sjølvsagt meir. Det får vi likevel ikkje gjort noko med, då var vi ikkje gode nok og i dag blir det eitt poeng i staden for tre.

Som heime mot Vindbjart gav Eid ein ny unggut debut mot Byåsen. Isak Haanes fekk sin første offisielle Hødd-kamp mot slutten av bortekampen, og var ein av heile fem Ulstein-karar frå 98-kullet som fekk sjansen i løpet av kampen. I tillegg spelte også unggutane Andreas Breimyr og Eirik Haugan frå start.

- Vi har sagt at vi ønskjer å bruke siste kampane på den måten. Vi invisterer i framtida vår. Ja, vi ønskjer å vinne kampane, men vi har to tankar og ønskjer å bruke kampane til å gje fleire spelarar sjansen. I dag fekk Isak og Haakon kjenne litt på det, og det er kjekt, meiner Eid.