- Dette skal vi vere veldig godt nøgde med, sa Hødd 2-trenar Sander Håskjold Nyland etter kampslutt.

Hødd kom godt i gang

Eit Langevåg i poengnaud skulle ikkje bli den største utfordringa for eit allereie opprykksklart Hødd 2-lag. Det skulle ikkje gå lenger enn to speleminutt før Håkon Botn Brautaset blei spelt åleine med keeper. Frå skrått hald gjorde han ingen feil, og plasserte ballen trygt forbi Langevåg-keeperen. 1-0 til Hødd.

Det andre målet var ikkje langt unna. For då Brautaset tok servitørrolla i det femte speleminuttet, tok Elias Flø gjerne i mot. Brautaset tok eit kjapt hjørnespark, og banka ballen inn i feltet. Der var Flø først på kula, og kunne styre den i mål til 2-0.

Dei første ti minutta var det nærmast totalt Hødd-dominans. Men, i det tiande speleminuttet skulle Langevåg finne vegen til målet dei også. Daniel Määttä banka inn reduseringa.

Resten av omgangen var prega av at Langevåg kom meir med, men Hødd hadde likevel stålkontroll. Håkon Botn Brautaset, Bam Hide og Gustav Brandal Dimmen utgjorde ein farleg angrepstrio, som både skapte og stod for avslutningane på fleire av sjansane til Hødd i første omgang.

Meir jubel for dei blåkvite

Over i andre omgang skulle Hødd køyre på frå start igjen. Det tok ikkje lenger enn to speleminutt før Gustav Brandal Dimmen banka ballen i mål til 3-1. Etter mykje godt spel frå Hødd si side skulle det bli meir jubel på Høddvoll etter 60 minutt. Jubelen kom etter eit flott angrep der Bam Hide til slutt fann spissmakker Gustav Brandal Dimmen. Sistnemnte scora sitt andre mål i kampen frå kort avstand, og det stod 4-1.

Etter dei to Hødd-måla var det ein lang periode med Hødd-dominans. Etter 77 minutt skulle det bli nok eit mål for Hødd. Eit flott innlegg frå William Fjørtoft blei banka i mål av Isak Haanes til 5-1.

Ni minutt før full tid hadde Isak Skotheim æra av å avslutte på mål etter eit vakkert veggspel med Isak Haanes. 6-1.

Det var alt i alt ein solid siger Hødd kunne innkassere heime på Høddvoll måndag kveld.

- Solid

Hødd-trenaren var godt nøgd med kva spelarane presterte måndag kveld, mot eit ungt Langevåg-lag.

- Ein god kamp av oss. Vi var like til stades som vi har vore i dei gode kampane tidlegare i sesongen. Eg var litt spent på kva reaksjon eg ville få frå gutta i og med at vi allereie er opprykksklare. Men, det eg såg var særs imponerande. Det var solid, seier Sander Håskjold Nyland til slutt.

Kampfakta

Hødd 2 - Langevåg 6 -1 (2-1)

Høddvoll

Tilskodarar: 130

Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL Fotball

Mål: 1-0 Håkon Botn Brautaset (2), 2-0 Elias Martin Flø (5), 2-1 Daniel Määttä (10), 3-1 Gustav Brandal Dimmen (47), 4-1 Brandal Dimmen (59), 5-1 Isak Haanes (77), 6-1 Isak Skotheim (81)

Hødd (4-3-3): Joakim Goksøyr Ulstein - William Fjørtoft, Aleksander Rekdal, Jesper Törnqvist, Martin Mork Breivik - Elias Martin Flø, Isak Gabriel Skotheim (Hide, 84), Sander Djupvik (Worren, 65) - Håkon Botn Brautaset (I. Haanes, 45), Bam Hide (Rasmussen, 65), Gustav Brandal Dimmen (Gjerdsbakk, 70)

Innbyte: Andreas Debess Moldskred, Isak Skare Haanes, Sondre Muren Gjerdsbakk, Petter Haddal Worren, Bastian Myklebust Rasmussen

Gustav Brandal Dimmen var god for Hødd i kampen mot Langevåg, og noterte seg for to mål. Akkurat her trilla ballen akkurat utanfor stolpen. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.