Ti utøvarar er tatt ut til det som Norges Friidrettsforbund kallar Team Tokyo. Dette er utøvarar som blir sett på som dei største satsingsprofilane fram mot dei neste Olympiske Leikane. Dei går i Tokyo i 2020.

Lista over utøvarar er identisk med den som vart offentleggjort før 2017-sesongen, og Karsten Warholm er framleis ein av dei ti. Sidan sist uttak har han mellom anna blitt verdsmeister på 400 meter hekk, og har levert ein eksepsjonell sesong på friidrettsbanen.

- Vi er glade for at vi kan vere med på å gje desse utøvarane gode rammebetingelsar i si satsing. Uttaket er imidlertid ikkje statisk og endeleg med tanke på åra som kjem. Vi vil jo naturligvis vurdere kandidatar kvarrt år fremovar – også i kraft av kva økonomiske ressurser vi har, seier toppidrettssjef Håvard Tjørholm til friidrettsforbundet sine nettsider.

På lista over utøvarar finn ein også Warholm sin treningskamerat Amalie Iuel.

Dei ti utøvarane på Team Tokyo (samt trenarar):

Henrik Ingebrigtsen, Sandnes IL (Gjert Ingebrigtsen)

Filip Ingebrigtsen, Sandnes IL (Gjert Ingebrigtsen)

Håvard Haukenes, Norna-Salhus IL (Stephan Plätzer)

Karsten Warholm, Dimna IL (Leif Olav Alnes)

Sven Martin Skagestad, Norna-Salhus IL (Einar Kristian Tveitå)

Sondre Nordstad Moen, SK Vidar

Isabelle Pedersen, IL BUL (Charles Ryan)

Hedda Hynne, Strindheim IL (Erik Sakshaug)

Karoline Bjerkeli Grøvdal, IK Tjalve (Ståle Jan Frøynes)

Amalie Iuel, IL Tyrving (Leif Olav Alnes)