Utgangspunktet for Hødd var enkelt. Tre poeng mot Brattvåg så ville opprykkskvalifisering vere eit faktum, men sidan Ravn slo HaNo ville eit tap ført til at Ravn tok kvalifiseringsplassen.

Borte mot botnlaget var også Hødd store favorittar, men det var faktisk Brattvåg som tok leiinga allereie etter 11 minutt. Ein skikkeleg kalddusj for Hødd, men dei blåkvite skulle slå tilbake. Anna Nygård Thunem utlikna for Hødd etter 26 minutt.

Då skulle ein kanskje tru at Hødd for alvor ville ta grep om kampen, men laget måtte vente heilt til det berre stod att 18 minutt før leiarmålet skulle kome, då ved kaptein Therese Holstad. Og når 1-2 først hadde kome, så skjedde det mykje på kort tid.

Marte Aarsand Vik sette inn 1-3 berre fire minutt seianre, og i løpet av dei siste ti minutta la Hødd på med både ei fjerde og ei femte scoring, begge signert Ine Sleipnes.

Det betyr at Hødd sikrar andreplassen i avdelinga, likt på poeng med Herd 2, men bak på målforskjell. Herd 2 kan likevel ikkje rykke opp, og dermed er det Hødd som skal ut i opprykkskvalifisering, der første kamp går på Høddvoll komande søndag.