Like før jul vart det klart at Sindre Eid vende tilbake til hovudtrenarrolla i Hødd. Då hadde han leia rekruttane saman med Einar Magne Skeide eitt år.

I vinter henta Hødd opp tre av rekruttane til A-troppen; Sivert Pieroth, Eirik Franke Saunes og Daniel Eid.

Var det eit lett val å ta opp Daniel i A-stallen?

– Det er sjølvsagt ikkje eit val som eg tok åleine. Det var ei sak som vart diskutert av trenarane på A-laget og på rekruttlaget. Vi diskuterer sjølvsagt spelarane, og kanskje spesielt når det gjeld Daniel så hadde vi ein god prosess i klubben. Der diskuterte vi kven som på det tidspunktet var klare for å flyttast opp i A-stallen, fortel Sindre Eid.

Han legg til at det var svært viktig for han at det var godt forankra også elles i klubben når sonen vart henta opp.

Eid og Eid er ikkje første far og son som er trenar og spelar i Hødd. Så seint som under Lars Arne Nilsen si tid hadde han sonen Sivert Heltne Nilsen som ein av sine viktige spelarar.

Slike ting kan likevel føre til reaksjonar, men det tek Eid med knusande ro.

– Det kom heilt sikker reaksjonar også, men det handterer eg og Daniel på ein veldig grei måte. Vi har snakka om det og meiner sjølv at vi har eit veldig profesjonelt forhold til det.

Trenar på Høddvoll, pappa heime

For på Høddvoll er Sindre Eid sjefen.

– På trening så er eg trenaren til Daniel, heime er eg pappa. Det har vi veldig klare linjer på i kvardagen. Det var sjølvsagt spanande i starten, før ein såg korleis det ville gå med han, men etter kvart synest eg han har bevist at han har noko å gjere på A-laget til Hødd. Det er ikkje noko ein tenkjer på lenger i kvardagen, og Daniel er ein spelar på lik linje med alle andre.

Som Daniel Eid sjølv seier så blir det lite fotballprat på heimebane.

– Det er på same måten med Daniel som med alle dei andre spelarane. Skal eg ha ein samtale med han, så kallar eg han inn på trenarkontoret.

– Daniel har trent ekstremt mykje og ekstrem rett. Han har vore svært dedikert heile vegen og det er hans arbeid som har ført til at han har kome dit han er i dag. Eg har berre vore ein støttespelar og det har vore han som har masa på meg om ikkje vi kunne reise på Hødd for å trene. Der har eg prøvd å stille opp, men det er Daniel som har gjort jobben. Det er umogleg å snakke nokon gode, du må trene og det har han gjort, seier Sindre Eid.